Kven kan via?
Frå 1. januar 2018 har ordførar, varaordførar og rådmann mynde til å vie brurepar.
Ta kontakt med oss for å få vita kor og når det er mogleg å gifta seg.
Vilkår for vigsel
Det er nokre vilkår som må vera oppfylte for at ein skal gifta seg. Desse finn du i Ekteskapslova.
Sjå også eigen artikkel om dette.
Dette må de senda inn før vigsel:
Før ein kan inngå ekteskap, skal det "prøvast" av om vilkåra for ekteskap er oppfylt. Denne prøvinga er det folkeregister v/skattekontoret som står for.
- Eigenerklæring
- Forlovarerklæring
- Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
- Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn
Alle desse skjema får du hos Skatteetaten.
Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.
Etter at de har fått prøvingsattesten heim i posten, kan de ta kontakt med oss for å bestille vigsel. Attesten må ikkje vere eldre enn fire månader ved vigsel.
- De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.
- Brurepar og vitne/forlovarar må ha gyldig legitimasjon til vigselen. Vi godtar gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilete og personnummer.
Spesielt for utanlandske statsborgar: Alle utanlandske statsborgarar må dokumentere lovleg opphald i Norge på vigselstidspunktet, og sende oss/levere prøvingsattest seinast ein dag før vigselen. Dette gjeld ikkje for nordiske borgarar. Vi kan utføre vigselen på engelsk, dersom dette er avtalt på førehand.
Slik er seremonien
Me tilbyr vigsel i kommunestyresalen på Rådhuset i Ølen.Vigsel kan skje på virkedagar mellom kl. 08.00 og 15.00.
Overføring av vigselsmynde til kommunen er nytt, og detaljar i gjennomføring av tilbodet er ikkje kommunen heilt ferdig med per idag. Meir informasjon kjem.
Slik tar du kontakt
Send ein e-post til postmottak@vindafjord.kommune.no der du oppgir:
- Fullt namn, fødselsdato og adresse til brureparet
- Kva for ein dato de ønskjer å gifta dykk