Oppvekst, skule og familie

Familieteamet

Familieteamet i Vindafjord er eit lavterskel helsetilbod som skal bidra til å hjelpe familiar i vanskelege livssituasjoner. Formålet er å forebyggje utvikling av fastlåste familiemønstre, og å fremje god psykisk helse for barn, unge og familiane deira.

Familieteamet er ein del av helsestasjonen i Vindafjord kommune.

Tidleg innsats

Tidleg innsats handlar om å gje hjelp så tidleg som mogleg. Me veit at jo tidlegare born og foreldre får den hjelpa dei har behov for, desto større moglegheit har ein for å førebygge vanskar.

Familieteamet i Vindafjord kommune ynskjer å vere eit lavterskeltilbod kor born, ungdom  og familiar kan få støtte, hjelp, rettleiing og oppfølging så tidleg som mogleg.                                                                                                                                                                                                                                                                                               

Kven er me?

Familieteamet består av fagpersonar med helse-og sosialfagleg utdanning. Fagpersonane har ulik vidareutdanning innan blant anna familieterapi, rus, psykisk helse. Fleire er sertifiserte COS-P rettleiarar.

 

Kva tilbyr me?

Familieteamet kan tilby rettleiing, støtte og oppfølging av deg og din familie dersom de opplev å gå gjennom ein utfordrande periode i livet.

  • Rettleiing av føresette
  • Individuelle samtalar
  • Samtalar med barn og ungdom
  • Familiesamtalar
  • Foreldrekurs; t.d. COS-P, Tuning into teens, Traumebevisst omsorg, Enkel og effektiv aggresjonskontroll

Oppfølginga vert tilpassa den enkelte familie. Familieteamet sitt tilbod gis i våre lokaler i rådhuset i Ølen, i heimen, på skulen eller i barnehagen. Familieteamet arbeider etter lov om helsetenester i kommunane. Alle ansatte har taushetsplikt. Tilbodet er gratis.

 

Kvar kan du henvende deg?

Familieteamet i Vindafjord held til på rådhuset i Ølen. Føresette kan sjølv ta kontakt, gjerne via telefon, eller de kan få hjelp til å sende tilvising i samarbeid med helsestasjon, skule, barnehage eller andre du er i kontakt med i kommunen. Me har frist for å gje tilbakemelding på tilvising innan tre veker.

Tilvisingsskjema (PDF, 419 kB)


Kontaktinformasjon

Adresse: Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

 

Bergitte Fosen Bjerga tlf. 907 49 562

Brit Nelly Ness Tveit tlf: 957 86 100

Atle Aas tlf: 907 03 587

Ingebjørg Susort Velde tlf: 907 51 281

Fagleiar Rannveig Obrestad tlf: 902 04 793

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vigsel, eller inngåing av ekteskap, er ei offentleg handling, og kan skje borgerleg eller kyrkjeleg. I nærvær av vitne avlegg dei to som vil gifta seg løfte om at dei vil leva saman resten av livet. Ein godkjent vigselsperson skal erklæra at ekteskapet er gyldig. 

Kommunen har ansvar for borgarleg vigsel i Vindafjord kommune frå 01.01.2018. 

Tilbodet gjeld for brudepar der minst ein av brudefolka er i busett i kommunen. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet. Tilbodet gjeld også for personar som ikkje er busett i Noreg, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg.  

Vindafjord kommune tilbyr Familievern med råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på forebyggjing og oppfordrar til å søkja om hjelp tidleg for å unngå for fastlåste konfliktar.

Familievernet gir råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på forebyggjing og oppfordrar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste. 

Tilbodet er gratis. For innbyggjarar i kommunane Bokn, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Tysvær, Utsira og Vindafjord, kan ein kontakte familievernkontoret i Haugesund.

Kontoret blir eigt av ei kyrkjeleg stifting. Alle familievernkontor arbeider etter same lovar og reglar.

Dei fleste kjem til familievernkontoret for rådgiving og samtalar om kvardagsproblem, og når det er vanskar, konflikter eller kriser i familien. På kontoret arbeider blant anna psykologar og sosionomar med vidareutdanning i familieterapi. Dei tilsette i familievernet har teieplikt.

Kurs og anna info frå Familievernkontoret på Haugalandet finn du her

Nettportalen dinutvei.no gir informasjon til utsatte for vald, overgrep og valdtekt, pårørande og bekymra, dei som utøver vald og til fagpersoner.

www.dinutvei.no 

Handlingsplan vald i nære relasjonar 2016 - 2019

Rådmannsgruppa på haugalandet har bedt om at kommunene utarbeider ein handlingsplan: «Vald i nære relasjonar». Henvendelsen kom til Helseledernettverket for dei haugalandskommunane som ikkje hadde slik plan. Denne planen omhandler Vald i nære relasjonar og har ulike fokusgrupper (barn, vaksne, eldre og funksjonshemma) med tilhøyrande tiltakskort.

 

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30