Oppvekst, skule & familie

SLT - Vindafjord kommune

Logo - SLT - Klikk for stort bilete

SLT - Samordning av Lokale kriminalitetsførebyggande Tiltak

 

 

SLT-koordinator Etne og Vindafjord: Liv Ellen Ebne

Telefon: 917 79 235

E-post: liv.ellen.ebne@vindafjord.kommune.no

 

I samarbeid med politi har kommunane Etne og Vindafjord utarbeid ein felles handlingsplan (PDF, 3 MB) om korleis ein kan oppdage, førebygge, møte og følgje opp radikalisering og valdeleg ekstremisme.

Du kan også lesa handlingsplanen for SLT-arbeid for 2017-2019 her (PDF, 481 kB).

Kva er SLT?

SLT er ein samordningsmodell for lokale, førebyggande tiltak mot rus og kriminalitet. SLT skal sikre at dei ressursane som allereie finst hos kommunen og politiet blir meir samkøyrte og målretta.

Kva er dei største utfordringane for unge menneske i din kommune?

Kven av dei er spesielt utsett for å havne i enda større vanskar?

Korleis kan desse få best mogleg hjelp til å meistre livet sitt og unngå rus og kriminalitet?

 

SLT-modellen er utvikla av Det kriminalitetsførebyggande råd for å hjelpe norske kommunar til å bruke kreftene sine mest mogleg effektivt i møte med desse utfordringane.

Barn og unge som målgruppe

SLT-modellen sørger for eit samarbeid mellom politi og kommune innan området rus- og kriminalitetsførebygging. SLT er i hovudsak retta mot barn og unge, og deira foreldre og føresette.

Målet er at kommunen sine barn og unge skal få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper.

SLT-modellen blei introdusert i Noreg av KRÅD tidleg på 1990-talet, basert på den danske SSP-modellen. SLT blei vitskapleg evaluert første gong i 1995 (NIBR), seinast av Myrer, Strype, Egge og Gundhus (Politihøgskolen 2008), og er i tillegg grundig utprøvd av rundt 200 norske kommunar.

Det er vel kjent at kriminalitet kostar samfunnet enorme summar, både økonomisk og menneskeleg. Eit effektivt førebyggingsarbeid er ei investering som på sikt får betydeleg avkastning i form av sunnare, tryggare og meir levande lokalsamfunn. Likevel ser me ofte at førebyggingsarbeidet ikkje får dei ressursane det burde hatt. Då er det enda viktigare at dei ressursane som faktisk finst, blir utnytta best mogleg. Det er dette SLT-modellen handlar om.

SLT-modellen er utvikla for å koordinere kunnskap, kompetanse og ressursar mellom politiet og dei kommunale einingane som tar kriminalitetsførebyggande omsyn. Det inkluderer også to andre viktige delar av lokalsamfunnet: næringslivet og dei frivillige organisasjonane.

Når alle desse sektorane møtest regelmessig for å utveksle kunnskap og erfaringar, bli kjent med kvarandre sine arbeidsmåtar og kulturar - og gjerne samordnar tiltak og oppgåver, blir det enklare å drive målretta førebygging på ein meir effektiv måte. Når signaler blir fanga opp og blir spreidd raskare, kan tiltak setjast inn tidlegare og meir presist – mens faren for dobbeltarbeid og overlapping reduserast.

Dette er nøkkelen i SLT-modellen. Dette er også i samsvar med dei stadig tydelegare krava til kunnskapsstyrte konklusjonar, både i politiet og hos andre tenester.

Organiseringa av SLT-arbeidet

1. SLT-arbeidet må forankrast gjennom ei styringsgruppe som består av leiarar frå kommune og politi. Ordførar og rådmann, eventuelt kommunalsjef med rådmannen sin mynde, skal vere med i styringsgruppa, saman med andre relevante leiarar frå kommunen med oppvekst som fagfelt. Politiet bør vere representert med den høgaste politi-mynden på staden. SLT- koordinator møter fast i denne gruppa. Styringsgruppa har ansvar for førebygging av rus og kriminalitet blant barn og unge. Enkelte stader er styringsgruppa slått saman med politirådet. Gruppa møtest vanlegvis fire til seks gonger i året.

2. Neste nivå er SLT- Arbeidsutvalet. Det har ansvaret for den praktiske koordineringa av kommunen sitt rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid. Samansetjinga i gruppa skal reflektere dei viktigaste oppgåvene for SLT-nettverket i kommunen. Aktuelle deltakarar utanom SLT-koordinatoren er leiarar frå politi, barnevern, skule, kultur, helse, NAV/sosial, PPT, utekontakt, teknisk etat, konfliktråd, oppfølgingsteam og vidaregåande skule. SLT-koordinator kan sjølv ha rolla som sekretær, eller peike ut nokon til å ta den rolla. Møta bør vere minimum månadleg.

3. Det utførande nivå står for det direkte rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet. Her finst alle som er i direkte kontakt med barn og unge. Det kan vere tilsette i kommunen sine eigne einingar og førebyggande politi. Frivillige organisasjonar, kyrkja, samt det lokale næringsliv har også ei rolle i det førebyggande arbeidet på dette nivået. Tiltaka kan vere nøye planlagt og langvarige, eller raskt initiert og kortvarige. Det kjem an på problemstillinga.

SLT-koordinatoren skal sørge for kontinuerleg informasjonsflyt mellom nivåa. I rolla som koordinator ligg ansvar for møtereferata, klare bestillingar og uttalte forventningar slik at det blir ein samanheng i arbeidet.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30