Oppvekst, skule, familie

Har du fått barn? Velkommen til helsestasjonen!

Å komme heim frå sjukehuset med eit nyfødt barn er ein stor omvelting i livet. Ein god start forutset fredelege og kjærlege omgjevnader. Difor har me samla nokre tips og råd til deg og den nyfødte.

Kvar torsdag frå kl. 13 - 15 har vi open helsestasjon. Då kan du kome og vege barnet ditt og snakka med helsesyster. Vi har også fysioterapeut til stades to gonger i månaden.

Fylgje oss gjerne på facebook, der legg me ut nyttig informasjon.

Kva skjer på helsestasjonen?

Den fyrste kontakten dykk har med helsestasjonen er når me kjem på heimebesøk. Når me kjem på heimebesøk sjekkar me om barnet ditt har lagt nok på seg, og hjelper deg med å finne riktig ammeteknikk. Om du gjer barnet ditt flaske gjer me deg tips og råd om det.

Neste gong me treffest er når dykk kjem på kontroll på helsestasjonen. Der fylgjer me med på barnets utvikling og vaksinerer. Her er en oversikt over barnevaksinasjonsprogrammet .

Alder

Kven treff du

Vaksiner

Nyfødt

Helsesyster

 

1 mnd

Helsesyster og jordmor

 

6 uker

Helsesyster og lege

Vaksinasjon jf retningslinjer

3 mnd

Helsesyster

Vaksinasjon jf retningslinjer

4 mnd

Helsesyster og fysioterapeut

 

5 mnd

Helsesyster

Vaksinasjon jf retningslinjer

6 mnd

Helsesyster og lege

 

8 mnd

Helsesyster

 

10 mnd

Helsesyster

 

12 mnd

Helsesyster og lege

Vaksinasjon jf retningslinjer

15 mnd

Helsesyster

Vaksinasjon jf retningslinjer

2,3 år

Helsesyster og lege

 

4 år

Helsesyster

 

Er det noko du lurer på, gler deg over eller som bekymrar deg, er det berre å spørje, og del det gjerne med oss. Ingen spørsmål er dumme eller rare.

 

Sjekkliste for babyen

Når dykk kjem heim frå sjukehuset er det mange ting ein må hugse på. Her er ei sjekkliste med nokre av de viktigaste punkta

Sjekkliste for det nyfødte barnet

 

Amming, flasker og såre bryst

Kor mykje og kva skal babyen ete, får babyen nok mjølk, og kva gjer eg om eg får brystbetennelse?

Me anbefal ammehjelpen.no for tips og råd om amming.

Gjer du morsmjølkerstatning kan du sjå anbefalingar og råd om det her.

 

Mat og måltider for spedbarn:

Her kan du lesa om mat, måltider og introduksjon av fast føde. Brosjyren kan du laste ned på mange ulike språk:

 

Korleis har du det?

Å få barn er noko av det største som kan skje i livet. Samstundes er det ikkje uvanleg å få angst, bli nedstemt eller deprimert i tida etter fødselen. Snakk med oss om du har tankar om at ting ikkje berre er greitt. Du er ikkje åleine om ha slike kjensler og tankar.

Les meir om fødselsdepresjon og angst her.

 

Barn og påkledning

«Er han for varm? Er ho for kald?» er spørsmål du kjem til å stille deg sjølv mange gonger i tida frametter. Spedbarn regulerer temperaturendringar dårleg. Dei kan raskt bli for kalde eller overoppheta. Sjå guide for påkleding av barn og baby under her.

Påkledningsguide til vinterbarn

 

Reise med barn

Skal du ut å reise kan det vere lurt å sjekke ut om du og barna har behov for ekstra vaksiner. Du kan ta kontakt med reisevaksinasjonskontoret vårt på telefon 995 70 968.

Sjekk også ut denne sida her Reisevaksine

 

Av-og-til

Vindafjord kommune er ein av-og-til kommune. Av-og-til er en alkovettorganisasjon. Dei setjer fokus på situasjonar der alkohol utgjer en særleg risiko, eller kan vere til ulempe for andre. Av-og-til arbeider med å bidra til å redusere de negative fylgjene av alkoholforbruk i samfunnet og gjere kvardagen tryggare for alle. Helsestasjonen oppfordrar alle med barn om å tenkja på kva alkoholforbruk ein ønskjer i familien og ta stilling til dette temaet  Av-og-til

 

Når barnet får feber, utslett eller andre ting

Her  finner du ein samling foreldrebrosjyrar som du kan finna nyttege. Alt frå kva du skal gjere om barnet ditt får feber, utslett har kolikk osv.

 

Hvis ulykken er ute

giftinformasjonen finner du gode tips og råd om barnet ditt får stikk, eter planter eller får i seg medisiner og andre ting. Giftinformasjonen har beredskap hele døgnet. Det kan vere lurt å ha telefonnummeret lagra på telefonen, nummeret er 22 59 13 00.

 

 

Andre nyttige sider for deg og babyen din:

Forebygge ulykker

Helsenorge- etter fødsel tryggmammamedisin

https://www.tryggtrafikk.no/

http://www.matportalen.no/

barns miljø og sikkerhet

 

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30