Oppvekst, skule & familie

Helsestasjon

Helsestasjonen.jpg - Klikk for stort bilete

 

Helsestasjonen held til på rådhuset i Ølen.

Her er oppfølging av born opp til skulealder, jordmortjeneste og skulehelsetjeneste.

Helsestasjon

Adresse: Rådhuset, 5580 Ølen

Opningstid: 08.00-15.30

Telefon: 53 65 55 60
(Ring helst mellom 8-10 og 14.30-15.30)

E-post: helsestasjon@vindafjord.kommune.no

Jordmor

(mandag, tirsdag og onsdag)

Telefon : 53 65 56 18 /902 64 905

E-post: jordmor@vindafjord.kommune.no

Helsestasjonen kan hjelpe med

  • Ulike spørsmål om fysisk og psykisk helse
  • Syn- og høyrselstest
  • Vaksinasjon ut frå Det norske vaksinasjonsprogrammet
  • Rettleiing om kost, søvn, motorikk, trivsel, språk, vekst og utvikling
  • Rettleiing om samspel og spørsmål knytta til foreldrerolla, barn- ungdom
  • Rettleiing til nytilflytta, også flyktningar og andre innvandrarar.
  • Ungdommen sin helsestasjon
  • Samlivs- og prevensjonsrettleiing for ungdom under 20 år
  • Smittevern (tuberkulose) 
  • Grupper - foreldrerettleiingsprogram
  • Undervisning barnehage/skular
  • Det er "Open helsestasjon" kvar torsdag frå kl 13 - 15 i Ølen. Fysioterapeut er med siste torsdag i månaden

Jordmor arbeider med

  • Kontrollar og rettleiing av gravide
  • Foreldreførebuande kurs
  • Barselgrupper

For helsestasjonsarbeidet gjeld:

  • Lov om helsetjenesta i kommunane
  • Helsestasjonsprogrammet 0-20 år
  • Me arbeider målretta for å hindre at helsemessige og sosiale problem oppstår eller utviklar seg

Mål for arbeidet på helsestasjonen

  • Fremme psykisk og fysisk helse
  • Fremme gode sosiale og miljømessige forhold
  • Førebygge sjukdom og skade

Andre opplysingar 

  • Helsestasjonslegane og fastlegane er våre næraste samarbeidspartar
  • Helsesøstrene er å treffe på faste tider på alle grunnskular og vidaregåande skular
  • Me jobbar tverrfagleg til beste for born og ungdom
Tilsette Helsestasjon
StillingNamn
Leiande helsesøsterMaren Tjelmeland Hustoft
HelsesøsterBjørg A. Stokland
HelsesøsterJane A. Austrheim
HelsesøsterHilde Bjerkreim
HelsesøsterLiv Eidhammer Mangrud
Konst. helsesøsterMerethe Jørgensen
Konst. helsesøster smittevernAnne Beate Økland
Jordmor (ons-tors)Wenche S. Hauge
Helsestasjonlege (tors)Iris K. Håheim
Helsestasjonslege (2.kvar fredag)Trine L. Stokkan
Helsestasjonslege (2. kvar tirsdag)Elin H. Vågen
Sist endra 27.12.2016
babytreff.png

Vindafjord helsestasjon ynskjer å starte opp med babytreff for barn 0-2 år. Her kan du treffe andre småbarnsforeldre og utveksle erfaringar. 

Svangerskapsomsorg er eit kommunalt tilbod til gravide for å bidra til god helse under svangerskapet.

Jordmor har kontor på helsestasjonen på rådhuset i Ølen.

Skulehelsetenesta i Vindafjord kommune har utarbeida Plan for skulehelsetjenesta (PDF, 66 kB).

Målet for tjenesta er å fremme psykisk og fysisk helse, gode sosiale og miljømessige forhold, og førebygge sjukdom og skader. (Jfr. "Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten" av 3.april 2003)

Det er ei stor hending å få barn. Gratulerer!

Me på helsestasjonen vil gjerne vere rettleiaren dykkar kring barnet sin vekst, trivsel og samspel med omgivnaden.

Oppgåva vår er førebyggande arbeid med vekt på ressursane i familien og i nærmiljøet.

Me ynskjer at det skal vere låg terskel for å kontakte oss.

Personalet som er knytta til helsestasjonen består av helsesøster, lege og jordmor. Me har alle teieplikt.

Helsestasjonen har tverretatleg samarbeid med PPT, fastlegar, barnehagar, skular, NAV, barne- og familierettleiar og fysioterapeut.

Om barnet ditt er sjukt, skal det ikkje kome på helsestasjonen utan spesiell avtale!
Dette, for å unngå smittespreiing.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Eining Helse
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30
Leiande helsesøster
E-post: Send epost
Login for redigering