Oppvekst, skule, familie

Vigsel

Vigsel, eller inngåing av ekteskap, er ei offentleg handling, og kan skje borgerleg eller kyrkjeleg. I nærvær av vitne avlegg dei to som vil gifta seg løfte om at dei vil leva saman resten av livet. Ein godkjent vigselsperson skal erklæra at ekteskapet er gyldig. 

Vigslerett

Den norske kirke og andre trossamfunn har vigslerett, men ikkje vigsleplikt.

Alle som ønskjer det kan bli vigde borgarleg. Borgarleg vigsel vert utført i kommunane av dei som er oppnemnd av kommunestyret.

Human-etisk forbund er ein av fleire organisasjonar som har fått godkjenning til å vera vigselsperson.

I tillegg har nokre av dei norske utenriksstasjonane også denne retten.

Dette må de senda inn før vigsel:

Før ein kan inngå ekteskap, skal det "prøvast" av om vilkåra for ekteskap er oppfylt. Denne prøvinga er det folkeregister v/skattekontoret som står for.

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  • Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn

Alle desse skjema får du hos Skatteetaten.

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Etter at de har fått prøvingsattesten heim i posten, kan de ta kontakt med oss for å bestille vigsel. Attesten må ikkje vere eldre enn fire månader ved vigsel. 

  • De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.
  • Brurepar og vitne/forlovarar må ha gyldig legitimasjon til vigselen. Vi godtar gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilete og personnummer. 

Spesielt for utanlandske statsborgar: Alle utanlandske statsborgarar må dokumentere lovleg opphald i Norge på vigselstidspunktet, og sende oss/levere prøvingsattest seinast ein dag før vigselen. Dette gjeld ikkje for nordiske borgarar. Vi kan utføre vigselen på engelsk, dersom dette er avtalt på førehand. 

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30