Oppvekst, skule, familie

Familierådgiving

Familievernet gir råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på forebyggjing og oppfordrar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste. 

Tilbodet er gratis. For innbyggjarar i kommunane Bokn, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Tysvær, Utsira og Vindafjord, kan ein kontakte familievernkontoret i Haugesund.

Kontoret blir eigt av ei kyrkjeleg stifting. Alle familievernkontor arbeider etter same lovar og reglar.

Dei fleste kjem til familievernkontoret for rådgiving og samtalar om kvardagsproblem, og når det er vanskar, konflikter eller kriser i familien. På kontoret arbeider blant anna psykologar og sosionomar med vidareutdanning i familieterapi. Dei tilsette i familievernet har teieplikt.

Kurs og anna info frå Familievernkontoret på Haugalandet finn du her

Kontakt oss:

Skal du bestille eller avlyse time, ring kontoret direkte.

Telefon: 52 70 08 20

Postadresse: Postboks 388, 5501 Haugesund

Besøksadresse: Haraldsgata 98, Haugesund

E-post: familievernkontoret.haugesund@bufetat.no

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30