Oppvekst, skule, familie

Borgarleg vigsel

Kommunen har ansvar for borgarleg vigsel i Vindafjord kommune frå 01.01.2018. 

Tilbodet gjeld for brudepar der minst ein av brudefolka er i busett i kommunen. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet. Tilbodet gjeld også for personar som ikkje er busett i Noreg, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg.  

Kven kan via?

Frå 1. januar 2018 har ordførar, varaordførar og rådmann mynde til å vie brurepar.

Ta kontakt med oss for å få vita kor og når det er mogleg å gifta seg.

Vilkår for vigsel

Det er nokre vilkår som må vera oppfylte for at ein skal gifta seg. Desse finn du i Ekteskapslova.

Sjå også eigen artikkel om dette.

Dette må de senda inn før vigsel:

Før ein kan inngå ekteskap, skal det "prøvast" av om vilkåra for ekteskap er oppfylt. Denne prøvinga er det folkeregister v/skattekontoret som står for.

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  • Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn

Alle desse skjema får du hos Skatteetaten.

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Etter at de har fått prøvingsattesten heim i posten, kan de ta kontakt med oss for å bestille vigsel. Attesten må ikkje vere eldre enn fire månader ved vigsel. 

  • De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.
  • Brurepar og vitne/forlovarar må ha gyldig legitimasjon til vigselen. Vi godtar gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilete og personnummer. 

Spesielt for utanlandske statsborgar: Alle utanlandske statsborgarar må dokumentere lovleg opphald i Norge på vigselstidspunktet, og sende oss/levere prøvingsattest seinast ein dag før vigselen. Dette gjeld ikkje for nordiske borgarar. Vi kan utføre vigselen på engelsk, dersom dette er avtalt på førehand. 

Slik er seremonien

Me tilbyr vigsel i kommunestyresalen på Rådhuset i Ølen.Vigsel kan skje på virkedagar mellom kl. 08.00 og 15.00.

Overføring av vigselsmynde til kommunen er nytt, og detaljar i gjennomføring av tilbodet er ikkje kommunen heilt ferdig med per idag. Meir informasjon kjem.

Slik tar du kontakt

Send ein e-post til postmottak@vindafjord.kommune.no der du oppgir:

  • Fullt namn, fødselsdato og adresse til brureparet
  • Kva for ein dato de ønskjer å gifta dykk

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30