Oppvekst, skule, familie

Familieteamet

Familieteamet i Vindafjord er eit lågterskel helsetilbod som skal bidra til å hjelpe familiar i vanskelege livssituasjoner. Formålet er å forebyggje utvikling av fastlåste familiemønstre, og å fremje god psykisk helse for barn, unge og familiane deira.

Familieteamet er ein del av helsestasjonen i Vindafjord kommune.

Målgruppe:

Familiar med samspelsproblem

Barn som pårørande

Barn og familiar i konflikt og sorg

Barn og familiar som har opplevd samlivsbrot

Barn som vert utgreia for psykisk sjukdom

Barn med psykososiale vanskar og sårbarhet

 

Mest brukte arbeidsmåtar:

Rettleiing av føresette

Samtalar med foreldre

Samtalar med barn

Familiesamtalar

Samarbeid med andre instansar som til dømes: skule, barnehage, helsestasjon, PPT og barneverntenesta.

Foreldrekurs, til dømes CoS-p, Bryt Voldsarven, NBO(nyfødtobservasjon)

Varighet på oppfølging vil variere frå nokre få samtalar til eit målretta, systematisk endringsarbeid over tid.

Tilbodet er gratis og ein kan sjølv ta kontakt for oppfølging, anten ved å ringe eller sende inn tilvisingsskjema (nedst på sida)

 

 

Kontorstad: Rådhuset i Ølen

Postadresse: Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Opningstid: 08.00 - 15.30

Avdelingsleiar: Hilde Sundal Bjerkreim 995 70 969

Fagleiar: Marita Villumsen 979 69 419

Tilsett i familieteamet:

Marita Villumsen 53 65 56 87/ 979 69 419

Brit Nelly Ness Tveit 53 65 56 86/ 957 86 100

Bergitte Fosen Bjerga 53 65 62 10/ 907 49 562

Ingebjørg Susort Velde 53 65 56 85/ 907 51 281

Rannveig Obrestad 53 65 62 10/ 975 10 491

 

 

 

 

Familieteamet - hjelpetiltak barnevern

I saker tilvist av barneverntenesta i kommunen jobbar me etter Lov om barneverntenester § 4-4, første og andre ledd, og hovudmål for tiltaket vil vere definert av barneverntenesta.

Oppdraget skal vere frivillig og ha som formål å bidra til positiv endring i familien. Etter tilvising frå barneverntenesta og i samråd med familien og sakshandsamar vel ein dei verkemidla som ein tenkjer er mest hensiktsmessige i den enkelte sak.

Når oppdraget er utført vil Familieteamet levere ein sluttrapport tilbake til barneverntenesta.

Utdrag frå lova:

§ 4-4.Hjelpetiltak for barn og barnefamilier.

Barneverntjenesten skal bidra til å gi det enkelte barn gode levekår og utviklingsmuligheter ved råd, veiledning og hjelpetiltak. Hjelpetiltak skal ha som formål å bidra til positiv endring hos barnet eller i familien.

Barneverntjenesten skal, når barnet på grunn av forholdene i hjemmet eller av andre grunner har særlig behov for det, sørge for å sette i verk hjelpetiltak for barnet og familien.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vigsel, eller inngåing av ekteskap, er ei offentleg handling, og kan skje borgerleg eller kyrkjeleg. I nærvær av vitne avlegg dei to som vil gifta seg løfte om at dei vil leva saman resten av livet. Ein godkjent vigselsperson skal erklæra at ekteskapet er gyldig. 

Kommunen har ansvar for borgarleg vigsel i Vindafjord kommune frå 01.01.2018. 

Tilbodet gjeld for brudepar der minst ein av brudefolka er i busett i kommunen. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet. Tilbodet gjeld også for personar som ikkje er busett i Noreg, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg.  

Vindafjord kommune tilbyr Familievern med råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på forebyggjing og oppfordrar til å søkja om hjelp tidleg for å unngå for fastlåste konfliktar.

Familievernet gir råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på forebyggjing og oppfordrar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste. 

Tilbodet er gratis. For innbyggjarar i kommunane Bokn, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Tysvær, Utsira og Vindafjord, kan ein kontakte familievernkontoret i Haugesund.

Kontoret blir eigt av ei kyrkjeleg stifting. Alle familievernkontor arbeider etter same lovar og reglar.

Dei fleste kjem til familievernkontoret for rådgiving og samtalar om kvardagsproblem, og når det er vanskar, konflikter eller kriser i familien. På kontoret arbeider blant anna psykologar og sosionomar med vidareutdanning i familieterapi. Dei tilsette i familievernet har teieplikt.

Kurs og anna info frå Familievernkontoret på Haugalandet finn du her

Nettportalen dinutvei.no gir informasjon til utsatte for vald, overgrep og valdtekt, pårørande og bekymra, dei som utøver vald og til fagpersoner.

www.dinutvei.no 

Handlingsplan vald i nære relasjonar 2016 - 2019

Rådmannsgruppa på haugalandet har bedt om at kommunene utarbeider ein handlingsplan: «Vald i nære relasjonar». Henvendelsen kom til Helseledernettverket for dei haugalandskommunane som ikkje hadde slik plan. Denne planen omhandler Vald i nære relasjonar og har ulike fokusgrupper (barn, vaksne, eldre og funksjonshemma) med tilhøyrande tiltakskort.

 

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30