Oppvekst, skule & familie

Familieteamet

Om du opplev utfordringar i familielivet kan kommunen sitt familieteam hjelpa deg.

Kontorstad: Rådhuset i Ølen

Opningstid: kl. 08.00-15.30

Telefon: 53 65 56 85 / 53 65 56 86 / 53 65 65 87

Postadresse: Familieteamet, Rådhuset, 5580 Ølen

Avdelingsleiar: Hilde Sundal Bjerkreim

Fagansvarleg: Brit Nelly Ness Tveit

Telefon: 53 65 56 86

Arbeidsområde

  • Familiar med samspelproblem
  • Barn som pårørande
  • Barn og familiar i konflikt og sorg
  • Barn og familiar som har opplevd samlivsbrot
  • Barn som vert utgreia for psykisk sjukdom
  • Barn med psykososiale vanskar og sårbarhet

Mest brukte arbeidsmåtar

  • Samtalar med barn
  • Samtalar med foreldre
  • Samtalar med familien
  • Rettleiing av barn, foreldre eller tenesteytar
  • Gruppesamtalar
  • Samarbeid med andre hjelpetenester

Kommuneplanen om Psykisk helseteneste

Menneske med psykiske lidingar skal bli tilbydde tenester som:

  • Er fagleg gode
  • Er tilgjengelege
  • Er prega av samarbeid, respekt, likeverd og medansvar
  • Er individuelt tilpassa

Andre opplysingar:

  • Me arbeider etter Lov om helseteneste i kommunane
  • Me er eit lågterskeltilbod, ikkje ventetid 
  • Barn av psykisk sjuke får alltid tilbod om oppfølging
  • Me underviser om psykisk helse for alle 7. og 9. klassar i kommunen
  • Me har planar om å starte opp med grupper for barn som har opplevd samlivsbrot, barn av psykisk sjuke og evt. andre

Vigsel, eller inngåing av ekteskap, er ei offentleg handling, og kan skje borgerleg eller kyrkjeleg. I nærvær av vitne avlegg dei to som vil gifta seg løfte om at dei vil leva saman resten av livet. Ein godkjent vigselsperson skal erklæra at ekteskapet er gyldig. 

Kommunen har ansvar for borgarleg vigsel i Vindafjord kommune frå 01.01.2018. 

Tilbodet gjeld for brudepar der minst ein av brudefolka er i busett i kommunen. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet. Tilbodet gjeld også for personar som ikkje er busett i Noreg, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg.  

Vindafjord kommune tilbyr Familievern med råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på forebyggjing og oppfordrar til å søkja om hjelp tidleg for å unngå for fastlåste konfliktar.

Familievernet gir råd og rettleiing om samlivsproblem. Tenesta legg vekt på forebyggjing og oppfordrar om å søkje hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste. 

Tilbodet er gratis. For innbyggjarar i kommunane Bokn, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Tysvær, Utsira og Vindafjord, kan ein kontakte familievernkontoret i Haugesund.

Kontoret blir eigt av ei kyrkjeleg stifting. Alle familievernkontor arbeider etter same lovar og reglar.

Dei fleste kjem til familievernkontoret for rådgiving og samtalar om kvardagsproblem, og når det er vanskar, konflikter eller kriser i familien. På kontoret arbeider blant anna psykologar og sosionomar med vidareutdanning i familieterapi. Dei tilsette i familievernet har teieplikt.

Kurs og anna info frå Familievernkontoret på Haugalandet finn du her

dinutvei.no_original_gronnramme_rgb.jpg

Nettportalen dinutvei.no gir informasjon til utsatte for vald, overgrep og valdtekt, pårørande og bekymra, dei som utøver vald og til fagpersoner.

www.dinutvei.no 

Handlingsplan vald i nære relasjonar 2016 - 2019

Rådmannsgruppa på haugalandet har bedt om at kommunene utarbeider ein handlingsplan: «Vald i nære relasjonar». Henvendelsen kom til Helseledernettverket for dei haugalandskommunane som ikkje hadde slik plan. Denne planen omhandler Vald i nære relasjonar og har ulike fokusgrupper (barn, vaksne, eldre og funksjonshemma) med tilhøyrande tiltakskort.

Handlingsplan vald i nære relasjonar 2016-2019 - Haugalandskommunane.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Brit Nelly Ness  Tveit
Fagansvarleg familieteamet
Tlf: 53 65 56 86
E-post: Send epost