Oppvekst, skule & familie

Etne Vindafjord Barnevernteneste

Perler - Klikk for stort bilete

Barneverntesta skal sikre born og unge naudsynt hjelp, omsorg og tryggje oppvekstvilkår om dei lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling. Born og unge frå 0-18 år og deira familier får tenester hjå Barnevernet. Hjelpetiltak kan verte oppretthaldt inntil bornet har fyllt 23 år, om bornet samtykkjer.
 
 
 
Mottakstelefon for bekymringsmeldingar i kontortida hos Etne Vindafjord barnevernteneste i arbeidstida : 90 24 63 59

Barneverntenesta kontaktar du ved 

  • Utfordringar i foreldrerolla, eller samspelsvanskar i familien
  • Barn og unge med åtferdsvanskar eller emosjonelle vanskar
  • Barn og/eller foreldre som har rusproblem
  • Familiar med lite nettverk
  • Barn med psykisk sjuke foreldre
  • Omsorgssvikt/mishandling, vald i heimen eller seksuelle overgrep/incest
  • Kriminalitet

Barneverntenesta sine tiltak er blant anna

  • Foreldrerettleiing
  • Miljøarbeidar eller miljøterapeut i heimen
  • Besøksheim, støttekontakt eller anna avlastning
  • Økonomisk støtte
  • Fosterheim som hjelpetiltak
  • Ansvarsgrupper/ koordineringsansvar
  • Vidare tilvisning til: BUP, BUF-etat, Familievernkontor mv.

  

Er du bekymra for eit barn?

Mange er i tvil om når det er riktig å melda frå til barnevernet. Det kriminalitetsforebyggende råd (KRÅD) har utvikla 10 spørsmål og svar for å hjelpa deg som er bekymra for eit barn. 

1. Når bør eg melda frå til barnevernet?

Er du bekymra for eit barn, kanskje fordi du trur foreldra ikkje klarar å ta godt nok vare på barnet? Då bør du melda frå til barnevernet.

2. Korleis kan eg veta om det er alvorlig nok?

Er du bekymra, skal du melda frå uansett. Meldinga di kan vera svært viktig for barnet det gjeld. Det er barnevernet si oppgåve å vurdere alvoret og om hjelp er naudsynt.

3. Kven skal eg snakka med i barnevernet?

Du kan ringa eller skriva eit brev til barnevernstenesta i din kommune. På kveldstid kan du kontakta barnevernsvakta der den finnes – eller ringa gratis til den landsdekkande Alarmtelefonen for barn og unge (tlf. nr. 116 111). Då blir bekymringa di formidla vidare til barnevernet der barnet bur.

4. Kva skjer når eg melder ein bekymring til barnevernet?

Sakshandsamaren skriv ned det du fortel. Innan ei veke avgjer barnevernet om dei skal setja i gang ei undersøking eller om meldinga skal leggjast bort. Ei undersøking skal vanlegvis ikkje vara lenger enn tre månadar.

5. Kva kan barnevernet gjera for å hjelpe barn, unge og familiar?

Barnevernet foreslår hjelpetiltak som vil gjera situasjonen betre for barnet. Dei fleste barn (8 av 10) får hjelp heima hos foreldra. Hjelpa kan eksempelvis vera råd og rettleiing, barnehageplass, støttekontakt, besøksheim eller tilsyn i heimen. I enkelte saker får barnet plass i fosterheim eller på institusjon.

6. Må eg alltid oppgje namnet mitt?

Nei, du kan velja å vera anonym. Barnevernet må informera familien om innholdet i meldinga. Foreldra vil då ofte forstå kven som har meldt frå.

7. Får eg beskjed dersom saka vert lagt bort?

Nei. Barnevernet har teieplikt. Dette er annleis for tilsette i for eksempel skule eller barnehage. Dei har krav på tilbakemelding om det vert sett i gang tiltak eller ikkje.

8. Tida går og eg er framleis bekymra: Bør eg ringa ein gang til?

Ja. Du vil ikkje få veta kva barnevernet har gjort sidan sist du ringte. Om du framleis er bekymra, er det likevel viktig at du tek kontakt og fortel kvifor.

9. Kan eg bli nødt til å vitne i retten eller fylkesnemnda?

Du kan bli innkalla som vitne. Du har i så fall plikt til å møta og fortelja kvifor du har vert bekymra.

10. Kvar kan eg få veta meir om barnevernet?

Du kan lesa meir om kva slags hjelp barnevernet tilbyr på desse nettstadane:
www.barnevernet.no
www.regjeringen.no/nb/dep/bld/tema/barnevern 
www.bufetat.no/barnevern 

Denne sjekklista er utvikla av Det kriminalitetsforebyggende råd (KRÅD)
Det kriminalitetsforebyggende råd (KRÅD) er regjeringa sitt spesialorgan for førebyggjing av kriminalitet.
Vår oppgåve er å bidra aktivt til samordning av førebyggjande tiltak i kriminalpolitikken,
med særleg fokus på barn og unge.
Les meir om kriminalitetsførebygging i Norge på: www.krad.no

Bekymringsmelding


For at barnevernet skal kunne hjelpe born som har det vanskeleg, må dei først få beskjed frå nokon om at bornet ikkje har det bra. Kven som helst kan gi beskjed om at eit barn ikkje har det bra, enten ved å ringe til barnevernet eller ved å sende inn eit brev. Alle meldingar skal bli behandla snarast og innan ei veke. 

Mottakstelefon for bekymringsmeldingar i kontortida hos Etne Vindafjord barnevernteneste : 90 24 63 59

Om offentlege myndigheiter har grunn til å tru at eit barn blir utsett for alvorleg omsorgssvikt eller mishandling, har dei plikt til å melde saka vidare til barnevernet.

Kan eg vere anonym når eg melder til barnevernet?
Når du melder frå til barnevernet kan du både melde frå med fullt namn eller vere anonym:
- Du kan bruke fullt namn både overfor familien og barneverntenesta. Då vil foreldra i saken bli informerte om at det er du som melder.
- Du kan velje å melde inn saka anonymt, slik at verken barnevern eller foreldre veit kven som melder. Hugs at familien får høve til å sjå meldinga, slik at om du til dømes skriv at du er tante til barnet, kan du lett bli kjent igjen.
- Du kan bruke fullt namn overfor barnevernstenesta, men be om at det ikkje blir gjort kjent for foreldra. Dersom du vel dette alternativet, vil anonymiteten bli oppheva dersom barneverntenesta fører sak om omsorgsovertaking, og saka må i retten.

 

Skjema for bekymringsmelding - privatpersonar (PDF, 282 kB)

 

Skjema for bekymringsmelding - offentleg tilsett (PDF, 48 kB)

 

Krisesituasjonar

Vaktordning for barnevern utanom kontortid: 

Om det oppstår krisesituasjonar, ta kontakt med Politiet på tlf 02800
eller Barnevernvakten på tlf 116 111.

 

Mottakstelefon for bekymringsmeldingar i kontortida hos Etne Vindafjord barnevernteneste i arbeidstida: 90 24 63 59
 

Besøksheim

Å vere besøksheim vil seie å bruke tid til samvær med eit eller fleire barn frå ein annan familie. Det kan vere frå familiar som treng avlastning, eller at borna har behov for å kome i eit anna miljø og få nye, positive opplevingar. Borna vil nok ha stor glede av berre å vere med familien på dei vanlege og kvardagslege tinga, mens det også vil vere til glede for dei å få vere med på kjekke aktivitetar.

Tilbodet er eit frivillig hjelpetiltak for å støtte familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver.

Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim hos sine biologiske foreldre, men vere ein ekstra ressurs for barnet og ei støtte for foreldra.

Korleis gå fram?

Ta kontakt med barneverntenesta for spørsmål, eller ynskje om å vere besøksheim. Barneverntenesta ynskjer samtale med dykk for godkjenning. Det er krav til politiattest.

 

Fosterheim

Ein fosterheim skal kunne ta i mot barn og unge for kortare eller lengre tid. Nokre born har behov for ein fosterheim i ein periode, mens andre vil ha behov for fosterheim til dei vert vaksne.

Les meir hos Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet - https://www.bufdir.no/fosterhjem/ 

 

Adopsjon

Les meir : https://www.bufdir.no/nn/Adopsjon/

Sist endra 15.11.2016
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Einingsleiar
E-post: Send epost
Login for redigering