Ved kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.
Opplæringsloven seier at: "Foreldrerådet skal fremme fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tar aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø"
Foreldrerådet vèl eit arbeidsutval. På foreldremøtet om våren vèl foreldra på kvart trinn ein representant til FAU og ein vara. FAU vèl så tre representantar til samarbeidsutvalet. Leiar og nestleiar i FAU skal vere to av representantane. Valplan for FAU (PDF, 5 kB) ved Ølen skule.
I FAU er skulen representert ved rektor.
Leiar for FAU i skuleåret 2018/2019 er Rune Halbrend.
Her finn de referat frå styremøte og årsmøte for FAU ved Ølen skule.