Natur og næring

Vilt

Utsikt frå Aksla - Klikk for stort bilete

Med lang kystlinje, aktivt jordbruk, skog og høge fjell har Vindafjord kommune ein rik og variert natur, som gir grunnlag for eit variert dyreliv og mange gode naturopplevingar. Særleg hjorten trivst godt i kommunen. Her er òg fleire elvar med laks og sjøaure og mange fiskevatn.

   

Kommunen gjorde 10.01.2019 nytt vedtak om forvaltningmål for hjort i Vindafjord. Desse omfattar både overordna mål og meir konkrete delmål.

Måla kjem fram av sak VILT-003/19 (PDF, 352 kB)og dokumentet «Forvaltningmål for hjorten på Haugalandet 2018-2023». (PDF, 4 MB)

Kommunen har fastsett minstearealet for hjort til 500 dekar i heile kommunen, samt ny forskrift om adgang til jakt og minsteareal for jakt etter hjortevilt i Vindafjord kommune.

Jakttida for hjort er frå 01.09. t.o.m. 23.12. For rådyr vert det opna for bukkejakt frå 10.08., mens den generelle jakttida for rådyr er 25.09.-23.12.

Kommunen oppmodar om å nytte SETT HJORT-skjema aktivt i hjortejakta, slik at datagrunnlaget for ei god forvaltning for framtida vert enda betre. Sett hjort-skjema og slaktevektskjema finn du nedanfor artikkelen.

Rett utfylte skjema sendt kommunen innan 10. januar 2020 vert med i trekninga av ein premie. For 2018 var premien boka «Slakting & skjæring» av Stian Espedal.

Sett hjort-data kan og registrerast digitalt gjennom portalen www.settogskutt.no. Denne løysinga er tilpassa både pc, nettbrett og smarttelefon. Her kan du og legge inn slaktevekt, CWD-prøver og anna.

For å kunne måle utviklinga i storleiken på dyra, er det trong for opplysningar om  slaktevekter frå felte hjort i heile kommunen. Ein del vektdata kjem inn med Sett hjort-skjemaa. Jo større del av dei felte dyra ein har data for, jo sikrare vert likevel resultata. Me vil derfor oppmoda alle valda om å sende informasjon om slaktevektene for dei felte dyra i valdet, sjølv om de ikkje skulle ha fått fylt ut Sett hjort-skjemaet. Det er då viktig at det vert nytta vekt, ikkje rusing.

Link til sett hjort-skjema utfylt med vald- og jaktfeltopplysningar og tomt skjema for utskrift.

Skjema for søknad om tillatelse til å erverve og inneha skytevåpen og våpendeler må hentes på næraste politistasjon eller hos våpenforhandlar.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar