Natur og næring

Tilskot til skogsvegar og taubane o.a. – felles overordna retningsliner

Felles overordna retningsliner for tilskot til skogsvegar og taubane o.a. er vedtatt av DUK 20.04.2020. Retningslinene er felles for alle kommunane i Rogaland.

Frå 01.01.2020 vart ansvaret for sakshandsaming og vedtaksmynde for tilskot til skogsvegar og taubanedrift, hest o.a. lagt til kommunane. Felles overordna retningsliner for tilskotsordninga o.a. er utarbeidd i samarbeid mellom kommunane, skognæringa og Fylkesmannen. Retningslinene skal vere styrande for prioritering av tilskot og forvaltning/praktisering av tilskotsordninga. 

Retningslinene byggjer på ”Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket”, og tidlegare retningsliner utarbeidd av Fylkesmannen (2018). 

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar