Natur og næring

Skogbruksplanlegging i Vindafjord - tilskot

Skogbruksplanarbeidet er nå ferdig og kravet om dokumentasjon av miljøregistrering i skog (MIS) for å kunne levere tømmer gjennom sertifiserte tømmerkjøparar (som t.d. Nortømmer og Vestskog) vert gjeldande for alle eigedommar med meir enn 100 dekar produktiv skog. Om ein manglar miljøregistrering må ein sjølv ta kostnaden ved å skaffe til veie denne dokumentasjonen, t.d. ved bruk av biolog. Med ein skogbruksplan vil du få denne dokumentasjonen inkludert.

Det vil vere høve til kjøp av skogbruksplan med tilskotet frå staten (ca. 70%) fram til prosjektet vert formelt avslutta. Dato for formell avslutting er pr. 21.01. ikkje sett, så du kan framleis ha ein mogeleg sjanse til å skaffe deg skogbruksplan med tilskot. Kontakt Jan Ivar Rødland, jir@vestskog.no, (90727145) for å avklare dette eller be om pristilbod.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar
Erle Aasheim Mæland
Einingsleiar
Tlf: 53 65 61 20
E-post: Send epost