Natur og næring

Skatt

Det er mykje informasjon om skatt, og ikkje minst kan det av og til vera vanskeleg å vita kor ein skal venda seg for å få svar. Her finn du svar på dei mest vanlege spørsmåla.

KONTAKTINFORMASJON – Etne og Vindafjord kommunar har inngått samarbeid om felles skatteoppkrevjarkontor. 

Skal du kontakta skatteoppkrevjar i Ølen eller Skatteetaten i Haugesund? -  Me har laga ein oversikt over kva tilfelle du kontaktar skatteoppkrevjaren eller skatteetaten.

Personleg skattytar 

Er du lønsmottakar er du skriven ut med skattekort.  Du må sjølv kontrollera at opplysningane i skattekortet ditt er rette. Arbeidsgivaren din hentar skattekortet elektronisk.  

Er du sjølvstendig næringsdrivande med enkeltpersonføretak eller deltakar i eit ansvarleg selskap, eller har du formue eller store kapitalinntekter, er du skriven ut med forskotskatt.

Når skatteoppgjeret er klart, får du som er elektronisk brukar melding på SMS eller e-post. Får du restskatt, finn du betalingskorta i Altinn. Opnar du ikkje desse i Altinn, vil du som ei førebels ordning få dei tilsendt på papir. Betalingsfristane finn du på skatteetaten.no.

Upersonleg skattytar

Upersonleg skattytar er aksjeselskap, norsk avdeling av utanlandsk føretak (NUF), verdipapirfond eller bank.

Desse firma er skrivne ut med forskotskatt som dei skal betala i februar og april i skatteåret.  

Når skatteoppgjeret er klart på hausten, blir det sendt e-post til firma som kan hentast ut i Altinn. Betalingskort for evt. restskatt ligg og i Altinn.

Arbeidsgjevar

Er du arbeidsgjevar må du levera a-melding. Du pliktar å trekkja forskotstrekk etter skattekort, og utleggstrekk som skatteoppkrevjaren har bedt om. Forskotstrekket og utleggstrekket skal setjast av på eigen skattetrekkonto når løna blir betalt ut. 

Forskotstrekket og arbeidsgivaravgifta skal du betala til skatteoppkrevjaren i kontorkommunen. Utleggstrekket skal du betala og senda du liste over det du har trekt til det skatteoppkrevjarkontoret som har bedt om trekket. 

Du er økonomisk og strafferettsleg ansvarleg for at trekk blir gjort og at det blir betalt til skatteoppkrevjaren.

Attest for skatt og meirverdiavgift

Denne kan du bestilla på altinn.no, eller du kan kontakta skatteoppkrevjarkontoret eller skattekontoret.

Fristar

På skatteetaten.no finn du skattekalender for næringsdrivande og personlege skattytarar som viser dei fristane som gjeld for skatt og avgift i løpet av eit år.

Kid-nummer

Du må ha KID-nr for å betala til skatteoppkrevjaren. Det kan du laga på skatteetaten.no.

Løna arbeid i heimen

Har du folk som gjer arbeid for deg som privatperson, er du arbeidsgjevar, og har ein del plikter. Du finn reglar og beløpsgrenser på skatteetaten.no. Dei fleste kan rapportera løn på forenkla a-melding .

Veldedig eller allmennyttig organisasjon

Betalar organisasjonen ut løn eller godtgjersler er den arbeidsgjevar, og har ein del plikter. Dei fleste kan rapportera løn på forenkla a-melding. Du finn meir informasjon om veldedige eller almennyttige organisasjonar som arbeidsgjevar på skatteetaten.no.

Betaling av skatt

Ordninga med å betala skattar og avgifter kontant på skattekontoret er avvikla. All betaling må skje via bank.  Elektroniske brukarar får betalingskort i Altinn og du kan velja å få e-faktura.

Er du ikkje elektronisk brukar, får du betalingskorta på papir. Har du problem med å betala innan forfall, ta kontakt med skatteoppkrevjarkontoret, så skal me prøva å finna ei løysing.

Mine krav og betalingar

Skatteetaten har ei teneste kalt "Mine krav og betalingar" som gir deg eit oversyn over gjeld, tilgodebeløp og inn-/utbetalingar mellom deg og skatteoppkrevjaren. Du loggar deg på tenesta på altinn.no.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30