Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

Natur og næring

Eigedomsskatt

Vindafjord kommunestyre vedtok i møte 18.12.2018 at det i 2019 skal være ei ny ålmenn taksering som grunnlag for eigedomsskatt frå 2020. Det betyr at alle skattepliktige eigedomar har blitt taksert av kommunen i løpet av hausten/vinteren 2019. Kommunestyret har også bestemt at for bustadeigedommar skal det reknast ut eigedomsskatt etter formuegrunnlag som er fastsatt av skatteetaten. Desse bustadeigedommane trenger ikkje kommunen å synfara, då man får taksten frå skatteetaten. Les meir om formuegrunnlag på https://www.skatteetaten.no/eiendomsskatt

I mars 2020 vil alle få ein skattesetel med informasjon om ny takst og detaljert utteikning av denne, kor mykje man må betala i eigedomsskatt, og klagemogligheiter. Det blir også lagt ut eigedomsskattelistar for heile kommunen 1 mars 2020.

I forbindelse med ny ålmenn eigedomsskattetaksering, blir eigedomsskatt på kommunale gebyrer for 1. og 2. termin i år fakturert på 2. termin. 3. og 4. termin blir fakturert som normalt.

Kva har blitt taksert?

I utgangspunktet er alle eigedommar i kommunen taksert etter prinsipp som sikrar at ein blir behandla likt. Hovudgruppene av eigedommar som er taksert er:

  • Bustadar som ikkje har takst frå skatteetatens formuesgrunnlag, til dømes våninghus og bustadar eigd av aksjeselskap.
  • Hytter/fritidshus
  • Våningshus på gardsbruk
  • Garasjar/naust til bustadar
  • Uthus
  • Tomter
  • Næringsbygg/forretningsbygg
  • Andre bygg og eigedommar

Eigedomsskatteliste

Eigedomsskattekontoret lagar kvart år ei eigedomsskatteliste der alle eigedomane blir ført med adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer) eigedoms-skattetakstane, skattesatsen, og utrekna eigedomsskattebeløp. Eigedomsskattelista blir lagt ut innan utgangen av februar. Etter eigedomsskattelova §15 skal den ligge til offentleg ettersyn i minst 3 veker frå kunngjøringsdato.

Melding om feil eller klage må merkast med gårds- og bruksnummer, og sendes til kommunen på e-post eigedomsskatt@vindafjord.kommune.no eller i brev til Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Eigedomsskattelista blir og lagt ut i papirformat på servicekontoret i Ølen.  

Formuesgrunnlag – Informasjon frå Skatteetaten

Oppmålingsreglar for etasje (PDF, 627 kB)

 

Spørsmål

Har du spørsmål - ta gjerne kontakt:

Telefon: 53 65 61 05

E-post: eigedomsskatt@vindafjord.kommune.no

Adresse: Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30