Vindafjord kommunestyre vedtok i møte 18.12.2018 at det i 2019 skal være ei ny ålmenn taksering som grunnlag for eigedomsskatt frå 2020. Det betyr at alle skattepliktige eigedomar har blitt taksert av kommunen i løpet av hausten/vinteren 2019. Kommunestyret har også bestemt at for bustadeigedommar skal det reknast ut eigedomsskatt etter formuegrunnlag som er fastsatt av skatteetaten. Desse bustadeigedommane trenger ikkje kommunen å synfara, då man får taksten frå skatteetaten. Les meir om formuegrunnlag på https://www.skatteetaten.no/eiendomsskatt
I mars 2020 vil alle få ein skattesetel med informasjon om ny takst og detaljert utteikning av denne, kor mykje man må betala i eigedomsskatt, og klagemogligheiter. Det blir også lagt ut eigedomsskattelistar for heile kommunen 1 mars 2020.
I forbindelse med ny ålmenn eigedomsskattetaksering, blir eigedomsskatt på kommunale gebyrer for 1. og 2. termin i år fakturert på 2. termin. 3. og 4. termin blir fakturert som normalt.