Natur og næring

Skjenkeløyve

Dei som driv ein serveringsstad der det vert servert alkohol må ha eit serverings- og skjenkeløyve. Vanlegvis vert skjenkeløyve gitt for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.

Er du privatperson og skal søka om å ha alkoholservering på privat arrangement? Sjå meir informasjon i eigen artikkel.

Alle eksisterande skjenkestader i kommunen må søkje på nytt kvart fjerde år om skjenkeløyve. Nyetableringar må søkje om skjenkeløyve før oppstart av verksemda. Søknad om skjenkeløyve skal opp til politisk behandling.

Elektronisk søknadsskjema om fast skjenkeløyve

 

Skjenketidene i Vindafjord kommune

 

Inneservering:

Alkoholhaldig drikk med 22 % alkohol eller meir:
Alle dagar frå kl 13.00 til kl 01.30

Alkoholhaldig drikk med mindre enn 22 % alkohol:
Alle dagar frå kl 08.00 til kl 01.30

 

Uteservering:

Tider for uteservering vert vurdert og fastsett individuelt ved kvar enkelt søknad.

Maksimum-tider for alkoholhaldig drikk med 22 % alkohol eller meir:
Alle dagar frå kl 13.00 til kl 01.30

Maksimum-tider for alkoholhaldig drikk med mindre enn 22 % alkohol:
Alle dagar frå kl 08.00 til kl 01.30.

 

Avgjerd om løyve til uteservering vert gjort politisk, og saksmoment som er med i vurderinga når skjenketider vert fastsett, er om ein finn område og serveringstilhøve gode nok med omsyn til kontroll, miljø og trafikk.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Service- og fellestenester
Rådhuset Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65