Natur og næring

Serveringsløyve

Før du startar ein serveringsstad må det søkjast til kommunen om serveringsløyve på eige skjema.

Det må søkjast om serveringsløyve for å drive serveringsstader der det blir servert mat og/eller drikke. Styrar for serveringsstaden må ha bestått etablerarprøven i serveringsloven før serveringsløyvet vert gitt.

Servicetorget gjer vedtak om serveringsløyve og kan gi rettleiing i høve til utfylling av søknad.

Kommunen gir serveringsløyve, og søknad om dette går til kommunen. I tillegg skal Mattilsynet godkjenne serveringsstaden.

For å få serveringsløyve må du ha bestått Etablerarprøven for serveringsverksemd. I tillegg blir det gjort ei vandel-vurdering av deg. Du kan sende inn søknad om serveringsløyve i forkant av at du tar prøven, men du må avlegge prøven snarast. Bevis på bestått prøve vert kravd før serveringsløyve vert tildelt.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Service- og fellestenester
Rådhuset Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65