Natur og næring

Kunnskapsprøve i alkoholloven

Kunnskapsprøven i alkoholloven er ein lovpålagt prøve for sals- og skjenkestyrar/varastyrar for sals- og skjenkeløyve i kommunen.

Det er ulike prøvar for sal (Etablerarprøven) og skjenking (Kunnskapsprøven).

Ta kontakt med Servicetorget for å bestille tid for å ta prøven:

53 65 65 65

Prøven testar dine kunnskapar i Alkoholloven med tilhøyrande forskrifter.

Prøven er ein avkryssingsprøve med 21 spørsmål. Du får velje mellom tre til fem alternative svar. Du må ha minst 16 rette svar for å klare prøven. Du kan bruke 45 minutt på prøven.

Det er ikkje lov å nytte andre hjelpemiddel enn reine ordlister under prøven.

Det er ikkje lov til å nytte tolk under prøven. Grunngiving for dette er at styrar/den person som er i staden for styrar, som i følge alkoholloven er ansvarleg for skjenkeløyvet, bør ha eit minimum av norskkunnskapar. Dette, for å kommunisere med gjester, kundar, leverandørar, tilsette og kontrollmyndigheit.

Legitimasjon skal visast fram. Det vert tatt gebyr for å avlegge prøven. Prøven kan bli tatt fleire gonger. Nytt gebyr blir belasta for kvar gong.

Om me har tid, kan prøven bli retta med det same. Då får du eit muntleg svar om du har bestått eller ikkje. I tillegg vil me alltid sende ut eit skriftleg svar. Du får eit bevis på bestått prøve.  

Kontaktinformasjon

Service- og fellestenester
Rådhuset Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65