Natur og næring

Etablerarprøven for serveringsverksemd

Etablerarprøven er ein lovpålagt prøve for styrarar ved serveringsverksemder. Styrar må ha godkjend prøve før oppstart av serveringsverksemd.

Etablerarprøven er ein avkryssingsprøve med 50 spørsmål. Du får velje mellom tre til fem alternative svar. Du må ha minst 40 rette svar for å klare prøven. Du kan bruke 90 minutt på prøven.

Du har lov til å bruke ordbok og lovsamlingar som hjelpemiddel under prøven.

Om me har tid, kan me rette prøven med det same. Du får då eit muntleg svar om du har bestått eller ikkje. I tillegg sender me ut eit skriftleg svar. Du får eit bevis på bestått prøve.

Prøven kan du ta på Servicetorget, ta kontakt nokre dagar i forkant for å bestille tid.

Det er eit gebyr for å ta prøven.

 

Ta kontakt med Servicetorget for å bestille tid for å ta prøven.

Telefon: 53 65 65 65

Kontaktinformasjon

Service- og fellestenester
Rådhuset Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65