Natur og næring

Ambulerande skjenkeløyve

Det er forbode å servere/selje alkoholhaldig drikk med mindre det føreligg løyve til dette.

Servering av alkoholhaldig drikk mot betaling krev løyve. Det er Servicetorget som behandlar søknadane i Vindafjord kommune.

Ambulerande skjenkeløyve

Ambulerande skjenkeløyve vert nytta om det er eit slutta lag som skal ha skjenkeløyve. Det vil seie at ein veit på førehand kven som deltar på arrangementet.

Skjenkeløyve for eit enkelthøve gjeld arrangement som er opne for publikum. Kommunen vil i slike saker innhente uttale frå lensmannen og sosialtenesta.

Det vert kravd inn gebyr for kvart løyve som vert gitt.

 

Skjenketider

Ved ambulerande skjenkeløyve og skjenkeløyve ved enkelthøve, gjeld følgande maksimums-skjenketider:

Inneservering: Alkoholhaldig drikk under 22% (øl og vin): Kl. 08.00 - 01.30
Alkoholhaldig drikk over 22% (brennevin): Kl. 13.00 - 01.30

Uteservering: All alkoholhaldig drikk: Kl. 08.00 - 01.30

Tider vil verta vurderte for kvart enkelt tilfelle, og tidene kan utvides til kl 03.00 i einskilde høve etter særskild søknad. 

Søknadsskjema om ambulerande skjenkeløyve

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Service- og fellestenester
Rådhuset Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65