Natur og næring

Før du startar ein serveringsstad må det søkjast til kommunen om serveringsløyve.

Dei som driv ein serveringsstad der det vert servert alkohol må ha eit serverings- og skjenkeløyve. Vanlegvis vert skjenkeløyve gitt for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.

Løyve for sal av alkoholhaldig drikk gjeld vanlegvis for ein kommunestyreperiode. Tildeling av salsløyve for eksisterande bedrifter skjer i byrjinga av året etter kommunestyrevalet.

Kunnskapsprøven i alkoholloven er ein lovpålagt prøve for sals- og skjenkestyrar/varastyrar for sals- og skjenkeløyve i kommunen.

Det er ulike prøvar for sal (Etablerarprøven) og skjenking (Kunnskapsprøven).

Ta kontakt med Servicetorget for å bestille tid for å ta prøven:

53 65 65 65

Etablerarprøven er ein lovpålagt prøve for styrarar ved serveringsverksemder. Styrar må ha godkjend prøve før oppstart av serveringsverksemd.

Det er forbode å servere/selje alkoholhaldig drikk med mindre det føreligg løyve til dette.

Servering av alkoholhaldig drikk mot betaling krev løyve. Det er Servicetorget som behandlar søknadane i Vindafjord kommune.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Service- og fellestenester
Rådhuset Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Login for redigering