Natur og næring

Tilskot til avløysing ved sjukdom

Tilskot til avløysing ved sjukdom skal hjelpe til å finansiere avløysing på føretak med vanleg jordbruksproduksjon når brukar / ektefelle / sambuar på grunn av sjukdom eller svangerskap / fødsel ikkje kan delta i arbeidet på driftseininga.
 

Det kan ytast tilskot til føretak for leige av avløysing ved:

  • Sjukdom 
  • Svangerskap/fødsel (også tidskonto)
  • Sjuke barn
  • Adopsjon av barn under 15 år
  • Dødsfall

Den som treng avløysing må:

  • Ha næringsinntekt i føretaket over 1/2 G (dei 2 siste kjende likningsåra)
  • Vere sjukmeld / fødselspermisjon
  • Ikkje fylt 70 år

Den som skal avløyse må:

  • Vere fylt 16 år når avløysing skjer
  • Ikkje ha næringsinntekt frå føretaket
  • Ikkje vere ektefelle/sambuar

Elektronisk søknad er å finne på Landbruksdirektoratet sine sider.

Du kan kontakte kommunen, der du vil få rettleiing og hjelp ved utfylling av søknadsskjema.

Haugaland Avløysarlag hjelper også sine medlemmer med informasjon, rettleiing og utfylling av søknadsskjema og dokumenterer for alle utgifter. 

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar
Erle Aasheim Mæland
Einingsleiar
Tlf: 53 65 61 20
E-post: Send epost