Natur og næring

Tidlegpensjon for bønder

Bønder som er 62 år og som har drive aktivt jordbruk i minst 15 år, kan søkje tidlegpensjon.

Tidlegpensjonsordninga skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt sin hovuddel av inntekta si frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Formålet er å bidra til tidlegare generasjonsskifte og dermed stimulere til rekruttering. 

For å få tidlegpensjon vert det stilt bestemte krav til inntekt i ein referanseperiode på fem år. Dette gjeld både næringsinntekt frå føretaket og anna inntekt. Referanseperioden er fem samanhengande år, der siste år er to år tilbake i tid frå søknadsåret. Vilkår for tidlegpensjon er at landbrukseigedommen er overdratt til ny eigar.  Ny eigar kan ikkje vere ektemake eller sambuar.

 

Ta kontakt med Fylkesmannen i Rogaland for meir informasjon. 

 

Du finn også søknadsskjema og meir informasjon om ordninga hos Landbruksdirektoratet.

 

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar
Erle Aasheim Mæland
Einingsleiar
Tlf: 53 65 61 20
E-post: Send epost