Natur og næring

Regionalt miljøprogram

Det overordna målet med miljøprogram både på nasjonalt og regionalt nivå, er å medverke til eit auka målretta miljøarbeid i jordbruket og til at jordbruket sin miljøinnsats vert meir synleg. 

Vidare er det eit mål å legge til rette for ei berekraftig ressurs- og eigedomsforvaltning gjennom eit sterkt jordvern og bevaring av viktige verdiar i kulturlandskapet. Miljøprogramma skal også ta for seg uløyste oppgåver på forureiningsområdet.

 

Vilkår for å søkje

Vilkår for å kunne søkje er at du mottar produksjonstilskot i landbruket.

 

Ordningar du kan søkje på

Tilskot gjennom Regionalt Miljøprogram er eit årleg tilskot til vedlikehald av verdifulle kulturlandskapselement, tilskot til drift av bratt areal, vedlikehald av stølar/fjellgardar, støling med mjølkeproduksjon, beiting i område verna etter naturvernloven, organisert beitebruk, vedlikehald av turstiar og gamle stølsvegar med meir.

 

Søknadsfrist

Søknadsfrist: 15. oktober kvart år.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar