Natur og næring

Miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel

Tilskotsordinga går ut på å velja ei meir miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel. Bruk av miljøvennlege metodar ved spreiing av husdyrgjødsla gir betre effekt av næringstoffa i gjødsla.

Raskare kontakt mellom jord og husdyrgjødsel samt auka vasstilsetting, gjer at næringsstoffa i større grad kjem til nytte for plantane, og faren for tap til luft og vatn minskar. Mindre lukt ved spreiing betyr mindre tap av nitrogen til lufta! Mesteparten av gjødsla bør køyrast ut før 1. slått og etter 1.slått.

Det er bruk av spreieutstyr som anten legg gjødsla heilt ned på bakken (nedlegging med stripespreiar) eller direkte nedfelling (med utstyr som skyt gjødsla ned ved trykk) som gir grunnlag for tilskot.

Dei som ikkje har høve til å nytte slikt utstyr, og som skal jordarbeida om våren, kan søkje tilskot til å molde gjødsla ned innan 2 timar.

For å hindre jordpakking blir det gitt ekstra tilskot til bruk av slangeutstyr dersom det er nytta i kombinasjon med stripespreiar. Slangane blir kopla direkte frå gjødsellaget (eventuelt mobilt gjødsellager) til spreieutstyret, og blir dratt etter traktoren. På den måten slepp ein tunge gjødselvogner ute på enga.

God jordstruktur er svært viktig for å sikre god rotutvikling og plantevekst. Plantar i god vekst er avgjerande for godt avlingsnivå, og gir også mindre tap av næringsstoffar.

 

Oversikt over førebelse satsar: 

Førebelse tilskotssatsar vil bli sett i etterkant av jordbruksoppgjeret 2015.

Satsane for 2014 var:

  • Tilskot til nedlegging/nedfelling i veksande kulturar:  80 kr/dekar
  • Tilskot til nedlegging/nedfelling i open åker: 50 kr/ dekar
  • Ekstra tilskot for bruk av slangeutstyr ved nedlegging/nedfelling: 50 kr/dekar
  • Tilskot til nedmolding innan 2 timar: 30 kr/dekar

 

Vilkår - tilskot til miljøvennleg husdyrgjødsel spreiing:

  • Tilskot kan berre løyvast til føretak som er berettiga produksjonstilskot i jordbruket.
  • Siste frist for husdyrgjødselspreiing er 10. august.
  • Husdyrgjødsellager som føretaket disponerer skal vera tømt i løpet av vekstsesongen og seinast innan 10. august. Husdyrgjødsel som er produsert i juli/august spreiast seinast 1. september.
  • Miljøvenleg utstyr (stripespreiar) må brukast ved alle gjødslingane med husdyrgjødsel. Det vil seie både ved vårgjødslinga og etter 1. og eventuelt 2. slått på omsøkt areal.
  • Det er eit vilkår at all bruk av husdyrgjødsel på landbruksføretaket er i tråd med forskrift om organiske gjødselvarer (gjødselvareforskrifta).
  • Det kan løyvast tilskott til miljøvennleg husdyrgjødsel spreiing på dyrka mark som ligg i Vindafjord kommune.
  • Det må i tillegg bli ført skiftenoteringar som viser kva tid det er gjødsla på dei ulike teigene, samt kor mange m3 det er køyrd på.
  • Ved leige av utstyr må det ligge føre kvitteringar som kan dokumentere leiga. 
  • Omsøkt område for miljøvennleg spreiing skal merkast av på kart som ligg ved gjødselplanen.

 

Ta kontakt med Anne Karin Langeland tlf: 53 65 61 38 om du har spørsmål om tilskot til miljøvennleg gjødselspreiing.

Søknadsfrist: 15. oktober gjennom søknad om regionalt miljøprogram.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar
Erle Aasheim Mæland
Einingsleiar
Tlf: 53 65 61 20
E-post: Send epost