Gjerdeklyvarar og hundeportar
Ordninga med gjerdeklyvarar er frå 2016 supplert med hundportar som kan utplasserast langs turstiar.
Fylkesmannen opplever at turstiane omkring i fylket blir mykje brukt. Mange turgåarar har meldt inn at deira hund har problem med å forsera ei gjerdeklyvar. No føreligg det ei løysing på denne utfordringa. Mot slutten av 2015 fekk Fylkesmannen utvida produksjonsavtalen på gjerdeklyvarar med Sandnes Pro-Service og Vindafjord aktivitetshus til òg å omfatte hundeportar.
Ordninga med gjerdeklyvarar er dermed supplert med hundportar som kan utplasserast langs turstiar. Prosedyren for søking og henting av hundeportar blir den same som for ordninga med gjerdeklyvarar.
Her finn du søknadsskjema for gjerdeklyvarar og hundeportar.
Publisert23.05.2016 12.52