Natur og næring

Vegetasjon og beite i fem utmarksområde i Vindafjord og Tysvær

Klikk for stort bilete

 

Norsk institutt for bioøkonomi ( NIBIO) utførte sommaren 2015 Vegetasjonskartlegging av fem utmarksområde i Vindafjord og Tysvær kommunar, I Vindafjord er det Kaldanuten og Døldarheia som er kartlagt. Rapporten fortel om naturgrunnlaget i områda og dermed også beitekvalitet og beiteverdi. Resultata kan nyttast til arealforvaltning, skjøtsel, beitebruk og auka verdiskapning i utmarka.

Prosjektet har vore eit samarbeid mellom NIBIO, Tysvær kommune og Vindafjord kommune med støtte frå Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland.

Klikk for stort bilete

 

Rapporten:  Rapporten "Vegetasjon og beite i fem utmarksområde i Tysvær og Vindafjord kommunar" kan du laste ned her.

Kartdata ligg i NIBIO sin kartportal "Kilden", som du kan sjå ved å trykke her.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar