Natur og næring

Gardskart

"Gardskart på Internett" er utvikla spesielt for landbruksforvaltninga på kommunalt og regionalt nivå, og for næringsdrivande i jord- og skogbruket.

Areala av dei innteikna teigane som er i bruk, er grunnlaget for det som ein kan søkje om i produksjonstilskot i jordbruket (med frist i august). Derfor er det viktig at ein har ei kontinuerleg oppdatering av gardskarta slik at dei er rett til ei kvar tid.

Ditt gardskart finn du på http://gardskart.skogoglandskap.no/. Her skriv du inn  fylke, kommune, gards- og bruksnr., for å få fram gardskart over valt eigedom som du disponerer.

 

Dersom innteikna areal ikkje stemmer, må dette bli meldt inn til kommunen for ny gjennomgang av jordbruksarealet.

 

Ta kontakt, eller merk av på kart og send til:

Eining areal og forvaltning, Teknisk bygg, Østbøvegen 2,  5585 Sandeid.

E-post: landbruk@vindafjord.kommune.no

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar