Natur og næring

Digitalisering av innmarksbeite godkjent som spreieareal

Fylkesmannen i Rogaland starta i 2010 opp eit arbeid med å få kartlagt alt innmarksbeite som er godkjent som spreieareal, ved å få digitalisert dette på ein kartportal.

Bakgrunnen for dette er at alle gardsbruk skal ha den dokumentasjonen som miljøplan trinn 1 krev. Det blir kravd at det skal vere kartlagt kva areal garden har til disposisjon, og kva arealet blir nytta til. Areala skal stemme overeins med krav til spreieareal ut i frå dyretal, og eventuell plan for å handtere overskotsgjødsel.

Gjødselplanen skal innehalde rett informasjon om areal det er lov å spreie husdyrgjødsel på. Det betyr at det skal vere ei kartlagt oversikt over innmarksbeite godkjent som spreieareal.

 

Etter utsending av brev til alle gardsbruk august 2011, er kommunen no ferdig med å kartlegge innmarksbeite godkjent som spreieareal på dei gardsbruka som har gitt tilbakemelding om vidareføring av spreieareal i innmarksbeite. Desse gardbrukarane har fått tilsendt kart og vedtak over vidareført godkjent spreieareal i innmarksbeite, som blir tatt med i berekninga av gjødselplan.

 

Tidlegare godkjent beite som spreieareal gjeld ikkje lengre i 2013 dersom ein ikkje har tatt kontakt med kommunen og fått dette digitalisert.

Det kan bli søkt om innmarksbeite som spreieareal, sjå søknadsskjema (PDF, 35 kB).

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, 5585 Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tysdagar