Natur og næring

Jordbruk og husdyrhald

Kyr - Klikk for stort bilete

Kulturlandskapet i Vindafjord er prega av velstelte småbruk i eit fjordlandskap med vekslande topografi.

Vindafjord kommune er ein stor landbrukskommune med
- 43 547 dekar dyrka jord (7,3% av land arealet)
- 2189 dekar overflatedyrka jord (0,4% av land arealet)
- 36 145 dekar gjødsla beite (6 % av land arealet) 
- 217 611 dekar produktivt skogareal (36,3% av land arealet)

Vindafjord kommune er ein av dei to største skogbrukskommunane i Rogaland. Vindafjord er ein av dei største husdyrkommunane i landet, det er mjølk og kjøttproduksjon som er dominerande; og det aller meste av arealet vert nytta til grovfòrproduksjon.

 

Sist endra 23.03.2015
Vindafjord kommune

 

Etter-registrering avløysing - hugs fristen 10. januar 2018.

– gå inn på denne linken for å etter registrere dokumenterte utgifter til avløysing

Vegetasjonskartlegging

 

Norsk institutt for bioøkonomi ( NIBIO) utførte sommaren 2015 Vegetasjonskartlegging av fem utmarksområde i Vindafjord og Tysvær kommunar, I Vindafjord er det Kaldanuten og Døldarheia som er kartlagt. Rapporten fortel om naturgrunnlaget i områda og dermed også beitekvalitet og beiteverdi. Resultata kan nyttast til arealforvaltning, skjøtsel, beitebruk og auka verdiskapning i utmarka.

Vindafjordbruket er kommunen sitt eiga meldingsblad for landbruksnæringa.

Bladet kjem ut to gonger i året.

Husdyrbruk - 2

Forpaktingsavtalar mellom eigar og brukar av eit gardsbruk, omfattar jordbruksareal, driftsbygning og bustad. Dette blir inngått for ein bestemt periode og til avtalt pris. Avtalen blir godkjent av kommunal landbruksforvaltning.

Fylkesmannen i Rogaland starta i 2010 opp eit arbeid med å få kartlagt alt innmarksbeite som er godkjent som spreieareal, ved å få digitalisert dette på ein kartportal.

Dersom eigar ikkje ønsker å drive sjølv, må jordbruksarealet leigast vekk som tilleggsjord for 10 år om gangen.

"Gardskart på Internett" er utvikla spesielt for landbruksforvaltninga på kommunalt og regionalt nivå, og for næringsdrivande i jord- og skogbruket.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
Besøksadr.: Østbøvegen 2, Sandeid Postadr.: Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : landbruk@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Opningstid
: 08.00-15.30. Plan- og byggesak stengt tirsdag
Anne Sofie Sandvik
Einingsleiar
E-post: Send epost
Login for redigering