Natur og næring

Lærlingplass i kommunen

Kontor- og administrasjonsfaget, Institusjonskokkfaget, Helsearbeidarfaget, feiarfaget og Barne-og ungdomsarbeidarfaget er faga me tek i mot lærlingar i. 
 

Her finn du informasjon for deg som skal bli lærling, samt kontaktinformasjon til oss. 

Me er medlem hos Indre Haugaland Opplæringskontor og første kontakt skal vera til dei. 

Indre Haugaland opplæringskontor

Telefon: 53 76 69 63
E-post: post@iho.no
Adresse: Postboks 22, 5584 Bjoa

Kontaktpersonar Vindafjord Kommune

Fagansvarlege - Lærlingplass
Fagansvarlege - Lærlingplass
Tittel Namn Telefon
Fagansvarleg helsefagarbeidarfaget Silje Holden Birkeland 95 90 15 09
Fagansvarleg barne- og ungdomsarbeidarfaget Ulla Johansson 40 48 00 46
Fagansvarleg Institusjonskokkfaget Tone Karin Aareskjold 53 65 60 05
Fagansvarleg kontor- og administrasjonsfaget Marit Særsten 53 65 65 04
Fagansvarleg feiarfaget Solveig Hortman 53 65 61 33

 

Løn som lærling

Ved ei vanleg lærekontrakt vil løna som oftast bli utbetalt etter følgande regel:
 
30 % det første halvåret
40 % det andre halvåret
50 % det tredje halvåret
80 % det siste halvåret av læretida

 

Plikter for kommunen som lærebedrift

Vindafjord kommune er ei lærebedrift som er godkjent for å gi opplæring retta mot eit fagbrev. Kommunen tar på seg ei rekke plikter ved å teikne lærekontrakt med deg.
 
Kommunen skal:
- lage ein plan for opplæring med utgangspunkt i læreplanen for faget som du får opplæring i. Planen skal vere ei konkret forklaring kva for arbeidsoppgåver du skal utføre i løpet av læretida, og når desse skal utførast.
- tilby deg eit godt arbeids- og læremiljø 
- gi deg personleg støtte, instruksjon og rettleiing i faget 
- ha eit system for planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa som du får 
- gjennomføre vurderingssamtalar med deg minst kvart halvår. Desse skal dokumenterast skriftleg jevnleg å       vurdere resultatet av opplæringa du får 
- utbetale løn som avtalt i lærekontrakten
- melde deg opp til fag- eller svenneprøve ved læretida sin slutt, og legge til rette for gjennomføring av prøven
 
Kommunen har faglege leiarar innan kvart fagområde som sørger for at du får den opplæringa og oppfølginga du har krav på. I tillegg får du tildelt rettleiarar som har den daglege oppfølginga av deg.
 
Vindafjord kommune er medlem i Indre Haugaland Opplæringskontor. Opplæringskontoret har ansvar for å teikne lærekontrakt, følge med på opplæringa di og bidra til at den blir best mogleg. I tillegg er det IHO som melder deg opp til fag- eller svenneprøven.
 

Plikter for deg som lærling

Som lærling har du plikt til:
 
- å ta ansvar for eiga læring og bidra til at du får best mogleg utbyte av opplæringa
- å kjenne innhaldet i læreplanen for faget ditt
- å følge bedrifta sitt reglement
- å bidra best mogleg til produksjonen samtidig som du lærer faget
I tillegg må du dokumentere den opplæringa du får ved å bruke lærlingpermen. Denne permen er eit levande verktøy for å tilpasse det enkelte faget.
 

Læreplan for helsearbeidarfaget

Læreplan barne- og ungdomsarbeidarfaget

Læreplan for kontor og administrasjonsfaget

Læreplan for institusjonskokkfaget

Læreplan for feiarfaget

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30