Her finn du informasjon for deg som skal bli lærling, samt kontaktinformasjon til oss.
Me er medlem hos Haugaland Opplæringskontor og første kontakt skal vera til dei.
Haugaland opplæringskontor
Telefon: 913 59 266
E-post: post@iho.no
Adresse: Buavegen 72, 5584 Bjoa
Kontaktpersonar Vindafjord Kommune
Løn som lærling
Ved ei vanleg lærekontrakt vil løna som oftast bli utbetalt etter følgande regel:
30 % det første halvåret
40 % det andre halvåret
50 % det tredje halvåret
80 % det siste halvåret av læretida
Plikter for kommunen som lærebedrift
Vindafjord kommune er ei lærebedrift som er godkjent for å gi opplæring retta mot eit fagbrev. Kommunen tar på seg ei rekke plikter ved å teikne lærekontrakt med deg.
Kommunen skal:
- lage ein plan for opplæring med utgangspunkt i læreplanen for faget som du får opplæring i. Planen skal vere ei konkret forklaring kva for arbeidsoppgåver du skal utføre i løpet av læretida, og når desse skal utførast.
- tilby deg eit godt arbeids- og læremiljø
- gi deg personleg støtte, instruksjon og rettleiing i faget
- ha eit system for planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa som du får
- gjennomføre vurderingssamtalar med deg minst kvart halvår. Desse skal dokumenterast skriftleg jevnleg å vurdere resultatet av opplæringa du får
- utbetale løn som avtalt i lærekontrakten
- melde deg opp til fag- eller svenneprøve ved læretida sin slutt, og legge til rette for gjennomføring av prøven
Kommunen har faglege leiarar innan kvart fagområde som sørger for at du får den opplæringa og oppfølginga du har krav på. I tillegg får du tildelt rettleiarar som har den daglege oppfølginga av deg.
Vindafjord kommune er medlem i Haugaland Opplæringskontor. Opplæringskontoret har ansvar for å teikne lærekontrakt, følge med på opplæringa di og bidra til at den blir best mogleg. Det er opplæringskontoret som melder deg opp til fag- eller svenneprøven.
Plikter for deg som lærling
Som lærling har du plikt til:
- å ta ansvar for eiga læring og bidra til at du får best mogleg utbyte av opplæringa
- å kjenne innhaldet i læreplanen for faget ditt
- å følge bedrifta sitt reglement
- å bidra best mogleg til produksjonen samtidig som du lærer faget
I tillegg må du dokumentere den opplæringa du får ved å bruke vårt digitale oppfølgingssystem - OLKWEB. OLKWEB er eit levande verktøy for å tilpasse det enkelte faget.
Læreplan for helsearbeidarfaget
Læreplan barne- og ungdomsarbeidarfaget
Læreplan for kontor og administrasjonsfaget
Læreplan for institusjonskokkfaget