Natur og næring

Helsearbeidarfaget - Læretid i Vindafjord

Helsearbeidarfaget er ei samanslåing av yrkestitlane omsorgsarbeidar og hjelpepleiar. Til dagleg blir desse kalla fagarbeidar. I dette faget kan du ta fagbrevet i kommunen. 

For å kalle seg helsefagarbeidar må ein gå VG1 Helse og sosialfag, VG2 Helsearbeidar og VG3 opplæring i bedrift. VG3 er det vi kallar lærlingtida. Opplæring i bedrift går over 2 år, der eit år er eit opplæringsår og det andre er eit produksjonsår.  Desse blir fletta inn i kvarandre, slik at ein lærer og produserar om kvarandre.

Ein helsearbeidar har mange moglegheiter for val når det gjeld kva gruppe menneske ein ønsker å jobbe med:

  • Bustad for funksjonshemma
  • Aktivitetssenter
  • Sjukeheim
  • I heimesjukepleien
  • Innan psykiatrien 
  • På sjukehus

For å spegle dette har Vindafjord kommune valt å legge lærlingtida nettopp til desse plassane, slik at ein blir best mogleg rusta til å jobbe innan ulike fagfelt.

 

Lærlingtida i Vindafjord

 

Pleie og omsorg (PLO) 8 mnd

Vindafjord kommune har to sjukeheimar, Vindafjordtunet som ligg på Kårhus i Nedre Vats, og Ølen omsorgssenter som ligg i Ølen sentrum.

Som lærling vil du jobbe med brukarar som av ulike grunnar har eit hjelpebehov, enten i form av heimehjelp, heimesjukepleie eller inne på institusjon.

Aktuelle praksisplassar i denne modulen er eining Allmenngeriatriske avdelingar på Vindafjordtunet og Ølen omsorgsenter.

 

Psykiatriske tenester (PSY) 5 mnd

Eininga administrerer eit dagsenter som ligg i Sandeid, 4 heildøgnsbemanna leiligheiter på Hauane i Ølen, samt tilbod til heimebuande.

Eining psykiatri har kontor i Sandeid i tidlegare Sandeid aldersheim.
 

Eining for funksjonshemma (FUN) 5 mnd

Eininga administrerer: 

  • 3 bufellesskap for menneske med psykisk utviklingshemming/fysisk funksjonshemming og med heildøgns omsorgstenester. 
  • Miljøarbeid i heimen utanfor bufellesskap. Arbeidet blir utført av sjølvstendige personalgrupper hos kvar enkelt brukar.
  • BPA - brukarstyrt personleg assistent, der personalgruppa heilt eller delvis kan administrerast av brukar sjølv. 
  • Aktivitetshuset i Sandeid. Består av to avdelingar: Ein for aktivisering og ein for tilrettelagt arbeid. Her blir det produsert varer i tre og tekstil for sal.
  • Avlastning i privat bustad og i avlastningsbustad 
  • Støttekontaktteneste 

 

Demensomsorg (DEM) 6 mnd

Praksisplassen vil vere på Vindafjordtunet (demensomsorg). Demensomsorga er delt i 5 avdelingar. 

 

Rekkefølga på dei ulike praksisplassane vil variere, men modul pleie og omsorg vil som regel vere den første praksisplassen. Så langt det lar seg gjere, prøver vi også å legge praksisplassane opp slik at det passar best mogleg i forhold til bustad og liknande.

 

Kven passar faget for?

Ein helsefagarbeidar bør inneha kvalifikasjonar som det å kunne bry seg, ha evne til empati, vise omsorg, vise respekt og kunne arbeide sjølvstendig.

Helsefagarbeidaren må ha teoretiske kunnskapar (VG1 og VG2), trening i metodearbeid og trening i praktiske ferdigheiter. På dette grunnlaget vil ein kunne bli i stand til å hjelpe personar i alle aldre med psykisk, fysisk eller sosial funksjonssvikt til å få ein best mogleg kvardag.

Ein helsefagarbeidar har ein variert arbeidsdag med mange ulike oppgåver. I tillegg til det direkte arbeidet retta mot den enkelte brukar, samarbeider ein med pårørande, kollegaer og andre yrkesgrupper på den aktuelle arbeidsplassen.

Når ein har opparbeidd seg minst 2 års yrkeserfaring er det mogleg å ta  vidareutdanning, f. eks. i geriatri og kreftomsorg.

Det vil alltid vere behov for helsefagarbeidarar, så om ein ønsker å ta eit yrkesval der ein nesten er sikra arbeid etter endt læretid og bestått fagprøve, er helsefagarbeidet eit trygt val.

 

Rettleiing

Som helsefaglærling i Vindafjord kommune vil du bli fulgt opp av kvalifiserte rettleiarar som har lang yrkeserfaring. Desse vil rettleie og gi løpande tilbakemeldingar undervegs.

3 gonger i kvar modul vil du ha eit møte med din rettleiar, fagansvarleg og representant for Indre Haugaland Opplæringskontor. På desse møta går vi igjennom korleis den faglege utviklinga di har vore, kva vi skal halde ekstra fokus på og korleis din kvardag som lærling er.

Desse møta er dialogmøter som skal gi deg som lærling moglegheit til å påverke din eigen kvardag i positiv retning. Skulle det oppstå spørsmål av noko slag - stort eller lite - kan du heile vegen spørje din rettleiar, fagansvarleg eller Indre Haugaland Opplæringskontor.

 

Lærlingpermen

Under lærlingtida vil du heile tida jobbe med lærlingpermen. Her er det spesifisert kva du spesielt skal jobbe med i den enkelte modul. For å sikre at du får den opplæringa du har krav på, har vi laga brukarretta oppgåver til kvar modul. Permen er eit levande verktøy, slik at den kan tilpassast spesielle behov. Permen er også eit dokumentasjonsverktøy på den opplæringa du har fått.

 

Aktuelle lenker:

http://www.udir.no/grep/Utdanningsprogram/?utdprogrid=111275

http://www.youtube.com/watch?v=RsywvQKrtSU

http://www.youtube.com/watch?v=71wn7G8qbTc&feature=related

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30