Natur og næring

Næringsutvikling og etablering

Klikk for stort bilete

Ynskjer du å starta bedrift eller treng du hjelp til noko? Medvind Næringshage ivaretar førstelinjetenesta for Vindafjord Kommune når det gjeld veiledning på nyetableringar. 

 

Kommunal kompensasjonsordning for verksemder som er spesielt råka av covid-19

Vindafjord kommune har fått tildelt 797.935 kroner til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. Søknadsfrist er 26. mars.

Målet med ordninga er å setta kommunen raskt i stand til å avhjelpa situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Ordninga skal også hjelpa dei verksemdene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Kva kan ein få kompensasjon for?

Kommunen skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særleg

støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging.

støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Små og mellomstore verksemder

Kommunane har stor fridom til å tilpassa kva verksemder dei kan støtta avhengig av den lokale situasjonen.

Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Vindafjord. 

Søknaden må dokumentera tap som følgje av smitterverntiltak og nedstenging.

​​Vurdering av søknadar

Formannskapet i Vindafjord kommune behandlar dei innkomne søknadene 20. april etter innstilling frå administrasjonen. ​

Ytterlegare informasjon finn du på tilskuddsbrev kommunal kompensjasjonsordning

Slik søker du

Søknad skal sendast elektronisk via regionalforvalting.no

Søknadsfrist

26. mars 2021 

Annan informasjon

Opplysningar som blir gjeve i søknaden vil i utgangspunktet vera offentlege etter offentleglova.

Ordninga følgjer reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske virkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll med meir.

Kontakt

For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med førstelinjetenesta vår, Medvind24 næringshage på e-post post@medvind24.no eller på mobil 45 86 55 08.

Kontaktperson i kommunen er Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef for samfunnsutvikling. Mobil 93 64 60 43 eller e-post anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no

 

 

Næringsfond ekstraordinære midlar covid-19

 

Her finn du informasjon om det kommunale næringsfondet som vart oppretta i august 2020.

 

 

Medvind Næringshage

http://medvind-neringshage.no/

Medvind skal legge til rette for nyskapning og vekst i nytt og eksisterende næringsliv og offentlig sektor gjennom rådgiving,prosjektledelse, kompetanseheving og nettverksbygging mot et regionalt marked.

Målsettingen er at dette skal styrke næringslivet og regionen sin innovasjonsevne, konkurransekraft og langsiktig verdiskapning.

Medvind Næringshage ivaretar førstelinjetenesta for Vindafjord Kommune når det gjeld veiledning på nyetableringar. 

Du finn dei i Medvind-bygget i Ølensvåg!

Klikk for stort bilete

Medvind24

http://www.medvind24.no/

Medvind24 er ei kommunikasjonsavdeling som mellom anna produserer nyhetssaker og reportasjar til nettportalen medvind24.no og til bedriftar sine nettsider, med støtte frå Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) .

Du finn dei i Medvind-bygget i Ølensvåg!

Klikk for stort bilete

VAF

http://WWW.arbeidsgiverforum.no

Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) er eigd av dei største bedriftene i Vindafjord kommune. Selskapet administrerar kompensasjonsmidlar som regionen er tildelt i samband med auka arbeidsgjevaravgift for verksemder med lønsutgiftar utover 15,4 millionar. Kompensasjonsordninga er avvikla frå 2018, og det vil i tida som kjem bli administrert restbeløp, samt innbetalte eigenandelar. Midlane skal bli nytta til å fremja næringslivet i Vindafjord, i form av kompetanseheving og kommunikasjon.

Kompetansehevinga blir gjennomført av Vindafjord Arbeidsgivarforum som lokal kursaktør. Det blir arrangert 25-30 kurs årleg etter behov og førespurnader frå lokalt næringsliv. Medvind Næringshage leverar prosjektleiing til VAF.

Klikk for stort bilete

FIKSE Næringsutvikling SA

www.etnevindafjord.no

- talerøyr for næringslivet
- ein attraktiv arbeidsregion
- eit sterkt bedriftsnettverk

er eit lokalt næringsselskap av og for næringslivet.  Dei samlar næringslivet i Etne og Vindafjord til ein attraktiv arbeidsregion, eit sterkt kompetansenettverk og ein slagkraftig premissleverandør.

Over 100 bedrifter er med pr. 2016.

Klikk for stort bilete

Skape - for etablerere i Rogaland

http://www.skape.no/

Skape gir veiledning og opplæring til etablerere i Rogaland og er eit partnerskap mellom statlige myndigheter, kommunene og fylkeskommunen.

Det er mange som sit med ein god idé og draum om å skape sin eigen bedrift. Det kan imidlertid vera vanskelag å få realisert draumen, fordi du ikkje veit kven du bør snakke med eller trur at det er uoverkommeleg å skapa din eigen arbeidsplass. Skape tilbyr etablererveiledning og -opplæring for deg som vil starte din eigen bedrift, og vil på den måten hjelpe deg til å realisere din etablering av bedrift.
 

Dei tilbyr:

  • Nyttig og allsidig informasjon for deg som skal etablere eigen bedrift
  • Jevnlige introduksjonskurs om etablering av bedrift
  • Individuell veiledning til etablerere
  • Kurs for bedriftsetablerere
  • Temakvelder og nettverksbygging for deg som driv eigen bedrift
  • Seminar og forum for bedriftsetablerere
  • Kurskalenderen hos Skape viser alle kurs og aktiviteter for etablerere i distriktet. I kurskalenderen finner du informasjon om tid, stad, pris og påmelding til kurs og andre tilbud.
    Det arrangeres kurs fleire stader i fylket.

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30