Aktuelle tema
- tilskots- og velferdsordningar
- gjødselplan og spreieareal
- gardskart på internett
- støtte gjennom Innovasjon Norge
- skogfond
- skogsvegar og landbruksvegar
- nydyrking
- SMIL og grøfting
- med meir
Tidspunkt og stad
Tid: måndag 3. oktober klokka 19.30 - 22.00
Stad: Teknisk bygg, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid
Program
19.30:
- Velkomen og informasjon om eininga vår ved einingsleiar Thomas Vestbø
- Tilskot, velferdsordningar med meir ved Sissel Lilleland
- Gardskart på internett, godkjenning av beite og utrekning av spreieareal ved Anne Karin Langeland
20.30: Matpause
21.00:
- Innovasjon Norge med meir ved Signe T. Jensen
- Skog og viltforvalting ved Gitte P. Halvorsen
- SMIL, grøfting med meir ved Harald Olav Stuhaug
- Nydyrking, jordlov med meir ved Alf Ole Bull-Tornøe
- Oppsummering
22.00: Slutt
Meld deg på via SMS-lenke
Det er sendt ut ein SMS med lenke til denne invitasjonen frå «VINDALAND» (Vindafjord kommune, landbruk) til bønder i Vindafjord som i løpet av dei 3 siste åra har starta opp med gardsdrift.
På grunn av matservering ber me om påmelding. Trykk på lenka heilt nedst i SMS-en for å koma til sida der du kan melda deg på. Legg til ein kommentar under svaralternativa dersom du har matallergi eller har andre merknadar.
Velkomen!
Kort om oss
Me ønsker å bli betre kjent med nye bønder i kommunen, og samtidig informera om kva me på landbrukskontoret kan bidra med når det gjeld rådgjeving for ulike ordningar innan jord- og skogbruk.
Me held informasjonsmøter der me samlar «nye bønder» om lag kvar tredje år, men du er også velkomen til å ta kontakt med oss på landbruk for å avtala møte med oss på kontoret i Sandeid.
Under finn du namn og hovudoppgåver til dei som jobbar på landbrukskontoret. Klikk på namna, så får du opp kontaktinformasjonen.
Thomas Vestbø, einingsleiar
Signe Theilmann Jensen, Innovasjon Norge
Harald Olav Stuhaug, SMIL og vassdirektivet
Sissel Lilleland, produksjonstilskot
Alf-Ole Bull-Tornøe, konsesjon, deling og nydyrking
Anne Karin Langeland, oppdatering av gardskart
Gitte P. Halvorsen, skog og viltforvalting