Kvotefri avskyting av hjortekalv hausten 2022

Kommunen sin søknad om å få tildele kvotefri avskyting av hjortekalv hausten 2022 er godkjent av Miljødirektoratet.

Johan Trygve Solheim, Norsk hjortesenter

Kommunen har tildelt løyve til kvotefri avskyting av hjortekalv under jakta hausten 2022 til alle hjortevald i kommunen, unntatt vald 3 Valåsen hjorteviltlag, som innan fristen 29.08.2022 har meldt skriftleg at dei ikkje vil delta i forsøksordninga.

Informasjon frå Miljødirektoratet om ordninga

Kort om ordninga:

  • Kvart vald har fått tildelt fellingsløyve for hjort som normalt i juni. Tildelinga av kvotefri avskyting av hjortekalv kjem i tillegg til desse fellingsløyva.
  • Kvotefri jakt på kalv skal skje innanfor godkjente vald og i tråd med reglar for utøving av jakt.
  • Retten til å felle eit fritt tal hjortekalvar gjeld alle jaktrettshavarar i valdet. Den enkelte grunneigar må likevel og samtykke til at kvotefri jakt på hjortekalv kan utøvast på sin eigedom. For sameige gjeld vanlege reglar etter sameigelova.
  • Jaktleiar/jeger/jaktrettshavar er ansvarleg for at alle felte kalvar, uavhengig av kvote eller ikkje, vert rapportert i Hjorteviltregisteret, eller i appen Sett og Skutt. Kalvar felt kvotefritt skal meldast til valdleiar for innsending av fellingsrapport.
  • Valdleiar har ansvar for innsending av fellingsrapport. Alle felte dyr, også kalvar felt kvotefritt, skal med i fellingsrapporten. Rapporten kan sendast kommunen eller registrerast elektronisk i Hjorteviltregisteret.

Sjå Miljødirektoratet sitt informasjonsbrev og vedtak for fleire detaljar: