Vil du planta skog?

Skogbruket ser etter arbeidskraft for å planta kring 350.000 skogplanter i Rogaland før sommaren kjem.

Klikk for stort bilete 

Les meir om dette hos Statsforvaltaren

Kvar vår og haust skjer det ein storstilt arbeidsinnsats i norske skogar med planting av ny skog. På landsbasis er det i overkant av 35 millionar planter som skal i jorda i 2021. Størsteparten av plantinga skjer vanlegvis ved hjelp av utanlandsk sesongarbeidskraft, men innreiserestriksjonane på grunn av koronasmitten gjer dette vanskeleg i år.

Aktørane har difor behov for å engasjere personar som kan gjera ein praktisk jobb med planting av skog eller vera arbeidsleiar for ei arbeidsgruppe. Arbeidet er fysisk og føregår ute i skog og mark.

Ta kontakt med næringsaktørane eller skogansvarleg i kommunen om du eller nokon du kjenner er interessert i gjera ein jobb for å få opp ny skog i Rogaland.