Søkje på stilling? Me har fått nytt system!

23. juni bytte Vindafjord til nytt søknadsystem for stillingar - Visma rekruttering. Største endring vil søkjarar som har søkt stilling tidlegare oppleva.

Det gamle søknadsystemet vart stengt ned 20. juni og det vil etter den tid ikkje vera høve å søkje på stillingar i dette systemet. Det medfører at søkjarar som tidlegare har søkt stilling og som har gjenbrukt søknaden når dei har søkt på nytt, ikkje lenger kan gjenbruka søknader dei har i det gamle systemet .

Første gong du søkjer i det nye systemet må du opprette ein ny brukar. Når du søkjer første gong må du legga inn alle opplysningar om utdanning, praksis o.l på nytt. Men også i det nye systemet vil du i ettertid kunna gjera gjenbruk av opplysningane.

Me beklagar bryderiet skiftet medfører for søkjarar som jamnleg søkjer hos oss, men me ser fram til overgang til nytt system som på mange område vil vera ei forbetring for søkjar.

Det er viktig at ein mellomlagrar innførte opplysningar undervegs. Dette fordi ein kan oppleve at inaktivitet fører til utlogging. For å vere heilt sikker kan det vere lurt å ha skrive infoen i eit anna dokument først, for så å kopiere og lime denne inn i søknadsskjema. Då sikrar du deg mot at informasjon/opplysningar forsvinn, og dermed dobbeltarbeid.
 

For å koma til søknadsenteret - trykk her

Oppleve du vanskar med å bruke søknadssenteret vårt, ber me deg ta kontakt med Servicetorget på 5365 6565.

Sist endra 17.02.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering