Har du søkt før?
Dersom du sist søkte stilling hos oss før juli 2016, vil du ikkje lenger finne din gamle søknad hos oss.
Er du ny søkjar må du oppretta ein brukar første gong du nyttar systemet vårt. Då må du leggja inn alle opplysingar om utdanning, praksis osv. Dette vil så vera lagra til seinare gjenbruk om du skulle ønskje å søkja på fleire stillingar hos oss.
Eit par gode tips for at søknadsprosessen skal bli så grei som mogleg:
- Mellomlagre undervegs. Inaktivitet fører til utlogging, og då vil du miste dei opplysingane du ikkje har lagra.
- Skriv sjølve søknadsteksten i eit anna dokument og kopier/lim det inn i skjema når du er nøgd. Då sikrar du deg mot at teksten forsvinn, og dermed dobbeltarbeid.
Treng du hjelp med å bruka søknadssenteret? Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65.
Jobb i kommunen
Å jobba i kommunen er å jobba for folk! (PDF, 5 MB)
Vindafjord kommune er ein unik bedrift med stolte arbeidstakarar. Me har tett samhandling mellom tillitsvalde og arbeidsgjevar. Hos oss finn du gode ordningar når det gjeld mellom anna kompetanseheving, seniortiltak og arbeidstid.
Det finst knapt ein meir spennenda, variert eller mangfaldig bedrift som utfører (livs)viktige oppgåver for sine kundar!