Vikebygd, Trovåg settefisk - Varsel om oppstart av detaljregulering

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det meldt oppstart av arbeid med «Detaljregulering for Trovåg settefisk» i Vindafjord kommune.

Trovåg settefisk - oppstart plankart - Klikk for stort bilete

Føremålet med planen er å leggja til rette for utviding av settefiskanlegget på Trovåg, mellom anna for å kunne ha fisken lengre på land før han vert sett ut i sjø. Det er ynskjeleg å utvide næringsområdet nordover, til eit område som er vist som LNF i kommuneplanen for Vindafjord. Dette gjer at planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing (KU) og planprogram.
Tiltakshavar er Bremnes Seashore, og utførande konsulent er Multiconsult.  

For meir detaljar, sjå Vindafjord kommune sine nettsider. Naboar og grunneigarar vert varsla direkte.

Eventuelle innspel til planarbeidet skal sendast skriftleg til oyvind.skaar@multiconsult.no, eller i brev til:
Multiconsult Norge AS avd. Stord
Kunnskapshuset, Sæ 132
5417 Stord
Merk: «Øyvind Skaar – Trovåg»

Frist: 25. oktober 2018

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30