Vedvik og Dommasnes - Namnesak - Lokal høyring

Stadnamntenesta på Vestlandet har reist namnesak for naturnamnet Vedvik(a), jf. Brev datert 10.09.2018. Saka har bakgrunn i at Fylkesmannen har føreslege Vedvika naturreservat som namn på eit nytt verneområde i Vindafjord kommune, men Vedvik er einaste skrivemåte som er godkjend for offentleg bruk i dag. Namnesaka vert reist for å få avklart rett skrivemåte i offentleg bruk. Kartverket reiser samstundes namnesak for gardsnamnet Dommasnes med avleiingar for å få avklart rett skrivemåte.

Kartverket sender med dette saka ut på lokal høyring i kommunen, jf. § 6 i lov om stadnamn.

Saka gjeld fylgjande namn:

  • Vedvik / Vedvika (vik i sjø)
  • Dommasnes / Dommarsnes / Dommersnes (fellesnamn for gard 332 og 333)
  • Nedre Dommasnes / Nedre Dommarsnes / Nedre Dommersnes (gard 332)
  • Nedre Dommasnes (bruk 332/1, 2 og 3)
  • Dommasnes (bruk 332/1/1)
  • Dommasnes industriområde (bruk 332/38)
  • Nedre Dommasnes (bruk 332/60)
  • Øvre Dommasnes / Øvre Dommarsnes / Øvre Dommersnes (gard 333)
  • Øvre Dommasnes (bruk 333/1 og 2)
  • Dommasneslandet (strand i sjø)
  • Dommersnes / Dommasnesbrua (bru) – fylkeskommunen er vedtaksmynde
  • Dommasnes industriområde / Dommersnes industriområde (industriområde)

For meir informasjon om namna, sjå innsynsløysinga for Sentralt stadnamnregister (SSR): www.norgeskart.no. Somme bruksnamn står berre i matrikkelen, og dei kan søkjast opp på www.seeiendom.no (søk på: gnr/bnr, namnet på kommunen).

Lokal høyring
Det er Kartverket som har vedtaksrett for skrivemåten av tradisjonelle gards- og bruksnamn og for naturnamn. Før det vert gjort vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har serleg tilknyting til. Vedtak for gardsnamn er etter hovudregelen retningsgjevande for skrivemåten av bruksnamn som er identiske med gardsnamnet, og for bruksnamn der gardsnamnet inngår som en del av namnet, jf. § 8 i lov om stadnamn.

Eventuelle merknadar skal sendast skriftleg til Vindafjord kommune, Eining Areal og forvaltning, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid eller som e-post til: landbruk@vindafjord.kommune.no

Frist for skriftleg merknad er sett til 07.11.2018.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30