Skjold, Isvik Amfi, bustader - Varsel om oppstart av utvida areal for reguleringsplan

Nytt varsel om igangsetting av planarbeid

Arkitektfirma Helen & Hard AS gjev med dette på ny melding, i høve til plan- og bygningslova § 12-8, om at følgjande reguleringsarbeid er sett i gang:

Detaljregulering for Isvik Amfi, planid: 1160-14-05

Klikk for stort biletePlanomriss

Igangsetting av denne planen er tidlegare varsla i juli 2014.

Planen vert no varsla på ny sidan planområdet er utvida for regulering av fortau mot vest, samt at bakanforliggjande tomt er tatt inn i planområdet. Det vert berre bede om ev. nye merknadar/innspel i samband med denne varslinga. Merknader/innspel mottekne ved varslinga i 2014 blir tekne med i saka og treng difor ikkje sendast inn på ny.

Føremålet med planen er å leggje til rette for ny bustadutbygging med tilhøyrande anlegg, og sjå på moglegheit for forretning og/eller anna næring i 1. etasje av bygget.

Planområdet er i gjeldande kommuneplan for Vindafjord kommune (2017-2029) sett av til bustad, friområde og sentrumsområde.

I gjeldande reguleringsplanar er området regulert til bustad, friområde og vegareal.
Sjå karta nedanfor.

Klikk for stort bileteUtsnitt frå gjeldande kommunedelplan 2017-2029

Klikk for stort bileteUtsnitt frå gjeldande reguleringsplan: 1160-89-06 – Isvik- Skjoldavik (Sentr.plan) Klikk for stort bileteUtsnitt frå gjeldande reguleringsplan: 1160-71-04 – Isvik Hageby Eventuelle innspel/merknadar som kan vere relevante for planarbeidet bes sendt til:
Arkitektfirma Helen & Hard AS
v/Njål Undheim
Vindmøllebakken 2
4014 Stavanger eller på e-post til: nu@hha.no

med kopi til:
Vindafjord kommune,
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen eller postmottak@vindafjord.kommune.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil bli kommenterte og sende til kommunen saman med planforslaget.

Eventuelle spørsmål kan rettast til;
Sivilarkitekt Njål Undheim, tlf.: 406 406 82 eller på e-post: nu@hha.no
Frist: måndag 26.08.2019

Kort om den vidare saksgongen:
Etter at varslingsfristen er ute, vil sjølve planforslaget bli utarbeidd for så å bli sendt til Vindafjord kommune for vidare handsaming. Etter første gangs handsaming i kommunen blir planen bli send på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då på ny vere høve til å koma med merknadar til planforslaget før den vidare politiske handsaminga.

Oversiktskart:

Klikk for stort bilete

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30