Sandeid, miljøgate - Varsel om oppstart av reguleringsarbeid

Klikk for stort bileteI samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 varslar Statens vegvesen oppstart av arbeid med detaljregulering for Fv. 46 Miljøgate Sandeid.

Målet med planarbeidet er god tettstadsutvikling gjennom betre trafikktryggleik, universell utforming for mjuke trafikantar og ei estetisk forbetring av vegen. Dette skal kombinerast med at miljøgata skal ha gode løysingar for lokalt næringsliv og framleis vere ein del av vegnettet med gjennomgangstrafikk.

Ramma for planen er strekninga i sentrum, frå krysset med fv. 514 (Sandeidvegen) i vest til brua i aust. Utløp for overvatn skal sikrast innanfor plangrensa.

I kommuneplanen er arealet langs vegen i hovudsak sentrumsføremål, offentleg/privat tenesteyting og bustad.

Statens vegvesen skal behandle planen fram til offentleg ettersyn etter §3-7 i PBL. Fullstendig varsel finn du på https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/Om+vegprosjekter/Hoeringer+vegprosjekter og på nettsida til Vindafjord kommune.

Vindafjord kommune har vurdert planen etter Forskrift om konsekvensutredning, vedlegg I og II, og har konkludert med at planen ikkje krev konsekvensutgreiing.

Merknader til oppstartsmeldinga
Viss du har merknader, opplysningar eller innspel til varselet kan du sende dei til Statens vegvesen, Askedalen 4, 6863 Leikanger, eller e-post firmapost-vest@vegvesen.no innan 2. desember 2019.

Alle mottatte dokument blir sende til Vindafjord kommune saman med planforslaget.

Har du spørsmål?
Spørsmål kan rettast til Statens vegvesen v/ prosjektleiar Margrethe Skimmeland Grinde, margrethe.skimmeland.grinde@vegvesen.no.

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30