Ølensvåg, Lundeneset, tenesteyting - Varsel om oppstart av reguleringsarbeid

Klikk for stort bileteUtsnitt frå gjeldande kommuneplan, og tilgrensande reguleringsplanar, Kjelde: fonnakart.no

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil vi med dette informere om at Omega Areal AS på vegne av Lundeneset Videregående Skole skal utarbeide forslag til reguleringsplan for Lundeneset, Vindafjord kommune. Planområdet går fram av vedlagte kart. Sjå også vedlagt oversiktskart, planinitiativ og referat frå oppstartmøte. Varsel om oppstart blir lagt ut på heimesida til Vindafjord kommune og areal.omega.no.

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til byggjeområde for offentleg og privat tenesteyting. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for offentleg og privat tenesteyting med tilhøyrande infrastruktur, fellesområde/leik og sjøanlegg. Lundeneset VGS ønskjer mellom anna å utvide bu- og undervisningstilbodet for elevar og tilsette. Tilkomst til området vil vere frå Fv 543 Bjoavegen som i dag.

Planområdet er på ca. 110 daa.

Området er av Vindafjord kommune vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU), då planarbeidet er i samsvar med overordna plan, kommuneplanen.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal AS v/Elisabeth Silde, tlf. 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega Areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 20.08.2019.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Dokument:

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30