Lokal litteratur frå Vindafjord

Bygdebøker, sogeblad, bøker, hefter og anna litteratur og informasjon om kommunen og bygdene er å få tak i hos kommunen. 

Bygdebøker

Det er skrive bygdebøker frå fleire av bygdene i kommunen vår.

Bygdebøkene frå Ølen, Ølensvåg, Skjold og Bjoa har vore i sal ei tid. Det blir arbeidd med å få skrive bygdebøker også frå Imsland og andre bygder. 
Universitetet i Stavanger (UiS) starta i januar 2012 arbeidet med bygdebøker for Vikebygd, Sandeid og Vikedal. Desse bøkene er planlagt trykt opp i 2019

 

"Den løynde skatten"

I forbindelse med kommunesamanslåinga i 2006, gav kommunen ut ei bok "Den løynde skatten", der segner, songar og anna stoff frå heile kommunen er samla. Innhaldet er segner og songar frå dei ni Vindafjordbygdene. Boka har tekst av Guri Ravatn og teikningar av Ingeborg Anzjøn, medan Kjell Ravatn har teikna notebilda.

Utgivar er Vindafjord kommune

Boka kostar kr. 198.- og kan kjøpast på Servicetorget i Vindafjord og hos ulike bokhandlarar på Haugalandet.

 

Sogeblada

"Segn og soge" har stoff frå Ølen, Ølensvåg og Bjoa.
Kontaktperson er Marit Eikehaugen, telefon: 46 50 40 50.

"Vindetreet" er sogebladet for bygdene Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats, Skjold og Vikebygd.
Kontaktperson er Tomas Finnvik, telefon 52 76 49 17 / 90 55 68 84.

Det er dei lokale sogelaga som står som utgivarar. Blada kjem ut før jul kvart år og har informasjon om ulike emne og aktivitet i bygdene før i tida.

Blada kan kjøpast i bokhandelen, hos sogelaga og på servicetorget@vindafjord.kommune.no

 

Romsa - ei perle i Sunnhordland

Frå lokalsamfunn via frøplantasje til friluftsliv.

Eit hefte om historien til øygruppa Romsa mellom Bjoa- og Skåneviksfjorden i Sunnhordland.

Professor i geografi ved Universitetet i Bergen, Anders Lundberg er forfattar, og heftet er utgitt av Friluftsrådet Vest og Statskog i 2007.

Heftet kan de få ved å kontakte servicetorget@vindafjord.kommune.no og det er gratis.

 

Joa-Kari-Parken

Joa-Kari-parken er Vindafjord kommune sin tusenårsstad og ligg i Ølen.

Det er laga eit hefte om Joa-Kari-Parken, som er skrive av Guri Ravatn.

Heftet kan de få ved å kontakte servicetorget@vindafjord.kommune.no og det er gratis.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
Kontonr
: 3240 10 04172
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30