Kommuneplan - Samfunnsdelen - Vedtak

Komunevåpen - Klikk for stort bilete

 

Kommunestyret i Vindafjord vedtok i møte 04.04.2017, sak 017/17, «Kommuneplan for Vindafjord kommune 2017-2029 – Samfunnsdelen».

 Samfunnsdelen omhandlar viktige utviklingstrekk i Vindafjord kommune og dei tre utvalte satsingsområda; «levande bygder», «handlekraft» og «berekraftig arealforvaltning». Samfunnsdelen av kommuneplanen tar stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for heile kommunesamfunnet og for kommunen som organisasjon, jf. Plan- og bygningslova § 11-2.

Kommuneplanen sin samfunnsdel er grunnlaget for sektorane sine planar og verksemd i kommunen. Han gir mål og retning for arealbruken og legg føringar for utforminga av plankartet og føresegnene.

Kommuneplanen sin arealdel kjem opp til endeleg handsaming i kommunestyret 20. juni 2017. Etter vedtaket  vil samfunnsdelen og arealdelen bli presentert samla i eitt felles dokument.

Sist endra 04.05.2017
Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988 893 226
(Kontonr)
: 3240 10 04172
(Kommunenr)
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30
Login for redigering