Informasjon om koronatiltak

Det er fleire endringar som trer i kraft i kommunen vår som følge av viruset.

Gå til temaside om koronaviruset

Kommunal planstrategi og folkehelseoversikt for 2020-2023

Klikk for stort biletePlansystemet Kommunal planstrategi og folkehelseoversikt for 2020-2023 blei vedteken i Vindafjord kommunestyre den 22.06.2020. 

Kommunestyret skal minst ein gong i kvar valperiode utarbeida og vedta ein kommunal planstrategi (plan- og bygningslova §10-1). Føremålet er å avdekka kva utfordringar kommunen har for så å avgjera kva planar som skal vidareførast, kva planar som skal reviderast og eventuelt kva nytt planarbeid som skal utførast i løpet av dei neste fire åra. Slik bli planlegginga behovsstyrt. 

Det er viktig å presisera at planstrategien ikkje er ein plan, og at han derfor ikkje skal innehalda nye mål og strategiar. Ein viktig del av arbeidet med planstrategien er å avgjera om kommuneplanen med arealdel og samfunnsdel skal reviderast eller vidareførast i valperioden. 

Her finn du endeleg godkjent Kommunal planstrategi og folkehelseoversikt for 2020-2023 og her er direktelink til strategiske planar med framdriftsplan i 4 årsperioden.

Her finn du meir om planar og styringsdokument i kommunen.

Kontaktinformasjon

Vindafjord kommune
Rådhusplassen 1,
5580 Ølen
E-post : postmottak@vindafjord.kommune.no
Telefon
: 53 65 65 65

Faks
: 53 65 65 66
Org.nr.
: 988893226
Kontonr
: 3207.30.01799
Kommunenr
: 1160
Opningstid
: 08.00-15.30